Hopp til hovedinnhold

Sightseeing med bytog i jugendbyen

Ålesund er kjend for si vakre jugendstilarkitektur, og med Bytoget får du oppleve byen på ein behageleg måte. Turen startar ved cruiseterminalen og tek deg forbi sjarmerande gater, fargerike murhus og det livlege Brosundet. Undervegs kan du lytte til audioguiden som deler små historier og store hendingar frå Ålesund si dramatiske historie, inkludert den store bybrannen i 1904 som forma byen slik vi kjenner den i dag. Du får høyre om bylivet før og no – og oppdage detaljar du elles lett går forbi.

Aksla – den beste utsikta i Ålesund

Høgdepunktet på turen er utkikkspunktet på Aksla, byfjellet som ruvar over jugendbyen. Her ventar panoramautsikt over Ålesund sentrum, holmane rundt og Sunnmørsalpane i bakgrunnen. Eit perfekt fotostopp og minne for livet – Bytoget køyrer deg trygt både opp og ned, slik at du enkelt kan nyte utsikta.

Praktisk informasjon

Bytoget i Ålesund er eit populært val for barnefamiliar, cruisegjestar og alle som vil sjå jugendbyen utan stress. Toget har faste avgangar i turistsesongen, og på dagar med cruiseanløp også utanom sommaren. Turen varer om lag 70 minutt, og gir deg både lokale historier og storslått utsyn – alt på éin og same tur. Du kan forhåndsbooke billett på deira heimesider, så er alt klart til avgang!

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo

Priser

Voksen (online pris):
NOK 320
Barn (online pris):
NOK 150
Familie (2v + 2b under 16 år):
NOK 750

Kontakt

Adresse:
  • Keiser Wilhemsgate 4
  • 6002 Ålesund
Telefon:
+47 48 84 41 03
E-post:
post@bytoget.no
Nettside:
www.bytoget.no/byer/aalesund

Fasiliteter

Audioguide:
Sesong:
  • Vår
  • Sommer

Hvor er Bytoget Ålesund Sightseeing