Hopp til hovedinnhold

Tilkomst og parkering

Du kan parkere på parkeringsplassen ved Kleppa skisenter. Ta av til Kleppa ved rv. 55 på Hermansverk og følg Kleppavegen til skisenteret. Vegen er skilta undervegs.  

Stien til hytta

Du kan følge stien rett opp slalombakken eller følge ein grusveg rundt bakken til venstre. Stien går delvis i myr, men det er lagt ut plankar. Turen er skilta. 

Vel du å gå grusvegen følgjer du vegen forbi ein støl. På flata går det ein sti rett mot toppen av skitrekket. Etter at du har passert trekket, held du fram du innover på stien over eit myrområde til du ser hytta. 

Vinterstid: det er trakka skiløyper på Øvstestølen.

For dei kjende: gå inn Henjadalen til stølen Dalhjella. Følg så stien til Stokksete og ta av etter Raumålsgrinda. 

Avstandar

Eggjahaugen, der hytta ligg, er om lag 530 moh. Turen opp til dagsturhytta tek om lag 30–45 minutt frå parkeringsplassen på Kleppa dersom du har med deg born. Turen er 1,5 km ein veg. 

Kontakt

Adresse:
  • Kleppa Skisenter
  • 6863 Leikanger
Telefon:
E-post:
Nettside:
www.vestlandfylke.no/idrett-og-friluftsliv/dagsturhytta/orrabu/

Fasiliteter

Vanskelighetsgrad:
  • Lett (grønn)

Hvor er Dagsturhytta i Leikanger - Orrabu?