Hopp til hovedinnhold

"Dei sju systre" er blant dei mest fotograferte fossefalla i Geirangerfjorden.
Dei ligg ved den fråflytta garden Knivsflå, og her stuper ikkje mindre enn sju fossefall seg lukt i fjorden. Dei har i snitt eit fritt fall på rundt 250 meter, og er eit imponerande skue ved stor vassføring. Vassføringa, som er avhengig av snøsmelting og nedbørsforholda, avgjer også om ein kan sjå alle sju like klart. Fossane er normalt størst i snøsmeltingsperioden mai-juli, og ein ser dei best ved å ta ein båttur på Geirangerfjorden.

Segna seier at alle "Dei sju systrene" er ugifte, og fossen rett på andre sida av fjorden har fått namnet Friaren, etter fleirfoldige misslukka frieriforsøk til systrene.

Når fossen frys til om vinteren kan den vere eit utfordrande klatremål for erfarne isklatrarar.

Kontakt

Adresse:
  • 6216 GEIRANGER
Telefon:
70 26 38 00
E-post:
info@visitgeirangerfjorden.com
Nettside:

Hvor er Dei sju systre?