Hopp til hovedinnhold

Den Trondhjemske Postveg frå 1785 - delvis restaurert turveg. Postvegen kom i stand 13. mai 1785 for å få postgang mellom Bjørgvin og Nidaros via Molde. I åra som følgde vart vegnettet utbygd til standard som rideveg.

Vegen kjem i sør inn i fylket frå Hornindal til Kjellstadlia, går ned til elveosen på Hellesylt der landingsplassen for båt er bevart. Postruta gjekk pr. båt mellom Hellesylt og Nedre Ljøen lenger ute i fjorden. Ny vegstrekning på land mellom Nedre Ljøen og Sløgstad på Stranda over den 800 m høge Ljøbrekka og gjennom Strandadalen.

Båtetappe igjen mellom Sløgstad på Stranda og Amdam i Ørskog. Også på Amdam er postvoren å finne. Veg over land via Amdam, via Ørskog prestegard, gjennom Landedalen, over Ørskogfjellet, ned Skorgedalen og ut Brastadstranda til Vestnes.

Båtetappen vidare var til Kringstad vest for Molde. Via Molde gjekk vegen langs Fannefjorden inn til Ødegård og over Osmarka/Heggem til Angvik.

Tingvollfjorden vart kryssa med båt, og neste landeetappe var mellom Tingvoll og Vågbø. Stangvikfjorden var neste båtetappe med landing i Stangvik som då var eit betydeleg senter. Ridevegen vidare inn til Kvande, langs Søya og over eidet til Surnadal, vidare gjennom Surnadalen og Rindal og inn i Trøndelag.

Kontakt

Adresse:
  • 6240 Ørskog
Telefon:
70 16 59 00
E-post:
post@orskog.kommune.no
Nettside:
www.orskog.kommune.no

Hvor er Den Trondhjemske Postvei?