Det går ikkje lang tid før du ser at dette blir ein tur utanom det vanlege, det dukkar opp ulike figurar både på bakkenivå og i trea. Etter rundt 400 meter må du passere eit gjerde. Det er sett opp ein stige til å klatre over. Etter 700 meter kan du ta til venstre og utforske «Hulderbo». Her heng klede og kjøkkenutstyr i trea, og om du ser godt etter kan du kanskje sjå ho som bur der også. Like etter kjem du til eit område der det er fint å raste. Her er fleire benkar, og om det er dårleg vêr kan ein søke ly i Eventyrhytta. Herfrå er det skilta til dei andre delane av Eventyrskogen, samt Sethsdemma.

Turen i Eventyrskogen bør takast som ein rundtur. Frå rasteplassen går du opp til «Trollhula» der du kan ringe på hos trollfamilien. Følg stien vidare austover til Alveskogen og deretter Trollmyra. Her finn du mange heimelaga små steintroll. Alle er velkomne til å ta med eit troll og plassere langs råsa. Det er også i dette området ein finn den kjempestore Trollstolen. Vidare kjem du til eit utandørsbiblioteket der StikkUt - posten er, Trollhaugen, Bukkene Bruse-brua og Elvedalen. Her er det lagt til rette for å kunne tenne bål når det er sesong for det.

Ein kan også nytte 2 robåtar og ein grill og grillhytte ved Setsdemma om ein har lyst å nytte meir tid i området.

Tilkomst og parkering

Om ein kjem med bil kan parkere gratis ved Prestegarden. Det går også an å ta hurtigbåten til Lepsøy. Sjekk rute på frammr.no eller ring 117. Gå over vegen for parkeringa og gjennom grinda for å kome til stien til Eventyrskogen. Pass på å late att grinda, det kan vere sauer på beite.

Eventyrskogen er eit dugnadsprosjekt. Bruk den gjerne, men vær varsam og ta med søppel hjem. Ingen må bruke open ild eller engangsgrill i her. Det er farleg og strengt forbudt!

Om ein ønskjer å bidra til vedlikehald av Eventyrskogen kan ein fritt Vippse til “Demma og Eventyrskogen”, nr. 131600 Lepsøy bygdeutval.

Kontakt

Adresse:
  • 6292 Kjerstad
Telefon:
+47 70 30 98 00
E-post:
info@visitalesund.com
Nettside:
morotur.no/tur/eventyrskogen-paa-lepsoeya

Fasiliteter

Barnevennlig:
Lett (grønn):

Hvor er Eventyrskogen på Lepsøya?