Hopp til hovedinnhold
Bestill

KORK er eit orkester på høgt internasjonalt nivå som spelar alt frå det symfoniske til samtidsmusikk, pop, rock, jazz og folkemusikk.

Lista over samarbeid med kjende artistar i alle sjangrar er lang, og denne gongen spelar dei med Ingebjørg Bratland – ein folkekjær artist, kjend for si særeigne stemme, unike songteknikk og formidlingsevne.

Ingebjørg er nysgjerrig og oppsøkande i sine musikkval, og det er godt synleg i hennar uttrykk. I tillegg til eige materiale, leverer ho vakre tolkingar av andre sine låtar - og når eit stort publikum i alle aldre. Låtar som «Jul i Svingen», «Ingen som du», «På avstand», «Fordi eg elskar deg», «Ljos», «Stjernene ft. Lars Vaular», «Vintersong», «Bror», «Di Ingebjørg» med fleir, har ho bore seg inn i den norske folkesjela.

I 2023 var ho med i sesong 13 av «Hver gang vi møtes», som blei den mest sette av alle sesongane.

Hausten 2023 kom ho også ut med nytt album, «Langt heimafrå», saman med Odd Nordstoga, og gjorde i august tv-konserten «Live i Marka» med KORK for NRK, som resulterte i tre utselde kveldar i Frognerseteren Amfi.

No kan du sjå dei saman på scenen i den vakre utearenaen i Moster Amfi!

Visninger

Moster Amfi
31. mai:
19:00

Kontakt

Adresse:
  • Tora Mostrastongs veg 2
  • 5440
Telefon:
E-post:
Nettside:
moster2024.no/arrangementer/festkonsert-med-kork-og-ingebjorg-bratland

Hvor er Festkonsert med KORK og Ingebjørg Bratland?