Hopp til hovedinnhold
Bestill

Turen startar frå Skjolden og fortsett ca. 7 km på sykkelsetet inn Mørkridsdalen, som er ein av dei viktigaste inngangsportane til Breheimen nasjonalpark. Undervegs vil du oppleve flott landskap og høyre guiden fortelje om dalen si utvikling frå naturhushald til nasjonalpark. Sykkelturen går for det meste på flat asfalt- og grusveg, og er derfor enkel å gjennomføre for dei fleste.

Etter omtrent ein time på vegen parkerer me ved Gjervane og tek til å gå på stien som leder mot Drivandefossen, Osen og Åsetvatnet. Ta med godt fottøy og klede etter værforhold!

Etter ca. 30 minutt roleg gange kjem me til den kjende og vakre Drivandefossen med tilhøyrande fossebrus. Me sit oss ned for å slappe av, høyre nokre lokale historiar og smake flatbrød med tilhøyrande spekemat slik dei også gjorde det i gamledagar på sine ferder gjennom dalen.

Vanskegrad: Middels

Avstand sykling: totalt ca. 14 km

Avstand vandring: totalt ca. 2,5 km

Høgdemeter: ca. 320 moh.

Inkludert i turen: Sykkel, hjelm, smaksprøve

Varigheit: Ca. 3-3,5 timar

Meir informasjon: www.adventuretours.no eller post@adventuretours.no

Kontakt

Adresse:
  • Sørsidevegen 35
  • 6876 Skjolden
Telefon:
+47 969 13 130
E-post:
post@adventuretours.no
Nettside:
www.adventuretours.no

Hvor er Fjell- og sykkeltur til Drivandefossen?