Hopp til hovedinnhold

Star frå nord, ved skiheisa

Start ved nedre heisestasjon. Følg lysløypevegen øst og oppover til lysløypa deler seg. Her svinger eine vegen skarpt til høgre og vidare til toppen, ein annen tar av nedover. Du fortsetter rett fram i litt vått parti og kjem inn på ein god, men steinete sti opp dalen. Her kjem du til nokre stokkar som er lagt opp som benker. Vær obs her då du har eit stidele like etter. Her kan du velge om du vil ta til høgre eller gå opp til Strokevatnet ved Bigtonhytta. Vi fortsetter i noko vått parti austover i stormyra, mot eit markert skar. Oppe i skaret står ein stokk med vegvisarar. Fortsett stien austover, og du ser no varden på Geitnausa, som ligg på kanten mot Vasstranda.

Gå tilbake til skaret med skilta, og følg stien til Strokevatnet. Her har du tre val. Til høgre og ned til stien du kom opp, ved benkane. Du kan følgje stien langs vatnet til skilt viser at du tar av til Høgkubben. Vi følgjer ein gammal, men tydeleg sti som startar i bukta med det same du kjem inntil vatnet. Følg denne vestover fjellet til Høglia og deretter skibakken ned til parkeringsplassen.

Start frå syd og Eikenosen

Frå syd kan du starte fleire stader, men vi vel å starte frå Eikenosen. Frå parkeringsplassen følgjer du vegen til Røssevoldvatnet. Kryss dette ved Eikenossætra og følg stien opp og nord til Strokevatnet. Følg stien rundt vatnet og passer demninga. Tydeleg sti vidare til du kjem til skaret med vegviser. Følg stien mot aust og ta til venstre over nokon berg før du kjem til ei hytte. Du ser varden på Geitnausa på god avstand.

Følg bergryggen vidare mot søraust. Du kjem til ei lita myr. Her tek stien av mot høgre, opp eit markert skar. Gå gjennom dette og nedover ein rygg til tuftene av Gamle Emblemsætra. Ta til høgre og hald til venstre i dalføret sydvest mot Røssevoldvatnet. Det kan til tider vere litt vanskeleg å følgje stien før du kjem inn på stien som går over Kubbane, frå Østremssætra og over demninga til vegen.

  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Vasstrandvegen 50
  • 6011 Ålesund
Telefon:
+47 70 12 58 04
E-post:
dnt.sunnmore@dnt.no
Nettside:
ut.no/turforslag/113468/geitnausa-pa-emblemsfjellet-i-alesund

Fasiliteter

Total stigning:
  • 275m
Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)
Avstand:
  • 8.3km
Varighet:
  • Kort tur (0,5-3t)
Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter
Underlag:
  • Grus
  • Sti
Terreng:
  • Fjellområde
  • Skogsområde

Hvor er Fjelltur til Geitnausa?