Opplev verdsarven frå kajakken
Å padle kajakk i Geirangerfjorden er ei spektakulær oppleving midt i eit UNESCO-verna fjordlandskap. Turen startar ved Grande, like under Ørnevegen i Geiranger, og tek deg med inn i dramatisk natur, omgitt av stupbratte fjell og fossar som Dei sju systre og Friaren. Her kjem du tett på naturen, både visuelt og fysisk – i eit stille, mektig landskap.
Erfarne guidar
Aktiviteten passar for både nybyrjarar og dei med litt erfaring. Du får grundig opplæring, og du padlar i stabile kajakkar saman med ein erfaren guide. Turen passar perfekt for deg som ønskjer ei aktiv oppleving med ro, natur og spektakulære utsyn.
Fakta om turen:
- Gratis skyttelbuss tur/retur Geiranger – Grande Fjord Hotel
- Turen startar og endar ved Grande Fjord Hotel
- Totalt padlar du om lag 7–10 km
- Ruta blir tilpassa gruppa og vêrforholda
- Passar godt for familiar, nybyrjarar og deg som vil oppleve Geiranger på ein unik måte
- Du treng ikkje å ha erfaring med padling