FLÅM

Fra Flåm kan du for eksempel sykle til Otternes Bygdetun og nyte ein fantastisk lunsj med lokale råvarer, mens du har fjordutsikt heile vegen- både til og fra.

Ei anna fin rute i Flåm er rett å slett å berre tråkke seg oppover dalen. Om du vel å sykle langs Brekkesida (høgre side av elva),kan du ta eit stopp ved den fantastiske Brekkefossen. Fortsett du eit lite stykke lenger oppover dalen, kjem du til Flåm Stavkyrkje. Her kan du også fortsette enda lenger oppover Flåmsdalen, og kappkøyre med den berømte Flåmsbana.

Aurland

I Aurland finn ein også mange flotte sykkelruter. Her kan du sykle opp til utsiktspunktet Stegastein. Denne turen kan vere litt krevande, da det er stigning heile vegen, men med ein El-sykkel er det fullt mogleg utan å bli svett. På denne ruta har du fjorden i sidesynet heile vegen, så du treng ikkje mange tråkk før du har prima utsikt.

Ei anna vakker rute er å følge vegen langs fjorden heilt ut til Skjerdal, og ta beina fatt siste biten opp til Leim Stølsysteri. Her får du eit innblikk i ekte stølsliv, sjå dyrelivet på nært hold, og smake lokale og tradisjonelle råvarer.

Prisar:

1 timeskort:

Pris NOK 150/time

Etter 1 time: NOK 150/time

Makspris pr. leige (12t): NOK 700

Langtids leige/ 3 timar:

Pris: NOK 340/3 timar

Etter 3 timar: NOK 50. pr time

Makspris pr. leige (12 t): NOK 700

Du finn stasjonane her:

Flåm: I sentrum, utanfor Kundesenteret og Mall of Norway.

Aurland: I sentrum, ved sidan av kyrkja og framfor bygget Heradshuset.

  • Facebook logo
  • Instagram logo

Kontakt

Adresse:
  • Aurlandsvangen
  • 5745 Aurland
Telefon:
+4791929145
E-post:
info@fjordsplorer.no
Nettside:
www.fjordsplorer.no/

Fasiliteter

El-sykkel:
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer

Hvor er Fjordsplorer, Aurland - Flåm?