Hopp til hovedinnhold

Ein ti minuttars køyretur frå Rosendal - i ei løe inst i Guddal - finst eit kunstgalleri. Galleriet har dei seinare åra hatt utstillingar med noko av det beste innan norsk samtidskunst. Etter over 30 år er lista over kunstnarar blitt svært lang.

Pushwagner, Håkon Bleken, Eva Harr og mange fleire.


Historia til galleriet


Då Gøril Guddal starta Galleri G Guddal i 1993 var det ein beskjeden start, men det vart ein umiddelbar suksess! Galleriet held først til i Rosendal, men i 2014 opna det i heilt nye, skreddarsydde lokale i Guddalstunet (ca. 5km frå Rosendal sentrum). Løa i tunet har blitt eit moderne galleri der hovudfokuset har vore på utstillingsrommet - med alle nødvendige fasilitetar. Her har Gøril valgt frå øvste hylle då ho pussa opp, og kunstnarane får presentert seg på ein ypparleg måte!

Galleriet har lagt vekt på å presentera både kjende nasjonale kunstnarar og
lokale/regionale som er meir i startfasen. Vi prøver å lage eit variert program som skal vekkja nysgjerrigheita hjå gjestene. Eit program med ein kvalitet som kan lokka spanande kunstnarar til Rosendal, samstundes som det gjev rom for nye stemmer.


Om Guddalstunet


Guddalstunet har ei lang og spanande historie som klyngetun - og er første gong nemnd i Snorre. Ei tid var det eiga kyrkje på garden, men her står berre
kyrkjegardsmuren att. Det ligg også ei vikinggrav, roleg og fredfult, for seg sjølv i utkantne av agarden - truleg urørt.
Fram til 1900 bestod klyngetunet av til saman ni bruk og 54 hus, men vart oppløyst og flytta nedover dalen det året medan bruket som i dag ligg i Guddalstunet vart verande. Det som står igjen av det gamle tunet i dag er stabburet frå kring 1850, eldhuset som truleg er frå 1700-talet, Jensastadlen frå kring 1870 og bygningane i Kålhagetunet.


Kafe og overnatting


Vangshuset, gamalt vestlandshus ifrå 1871, husar kafeen i tunet, i tillegg til
overnatting i 2. etasje - fordelt på to rom.
Vanghuset stod opprinnleg ikkje i tunet, men vart flytta frå Rosendal i 2000 - sidan har det vore overnatting og servering i huset.
Det er mogleg å få frukostservering dersom ein overnattar. Det er ikkje tillate med dyr i overnattinga.


Kvar tingar ein overnatting?


De kan lese meir om overnatting og booking på guddalstunet.no.


Er det parkering på tunet?


Det er eigen parkering for gjester på høgre hand, like etter alleen på veg opp til tunet. Det er HC-parkering på oppsida med galleriet.


Universell utforming:


Sjølve tunet og galleriet sin hovudetasje er tilgjengeleg for bevegelseshemma, medan Vangshuset er noko avgrensa på grunn av gamal kontruksjon.


Avstand med bil:


5 km frå Rosendal sentrum, innkjøyrsle ved Bondekompaniet Seimsfoss.
102 km frå Bergen via Eikelandsosen
107 km frå Stavanger via E134
385 km frå Oslo via E134

Tider

november 2026

15. november

11:00 - 16:00

Kontakt

Adresse:
  • Guddalsvegen 181
  • 5472 Seimsfoss
Telefon:
+47 40 63 73 64
E-post:
info@galleriguddal.no
Nettside:
www.galleriguddal.no/

Hvor er Galleri G Guddal