Vinjum debuterte som 24-åring på haustutstillinga i Oslo i 1954 og fekk lovande omtale. I tillegg selde han eit av verka sine. Men først over 20 år seinare viste Johannes Vinjum ein større presentasjon av arbeida sine offentleg, og då på 2 seperat- utstillingar samtidig. I 1978 stilte han ut teikningar i Galleri K og maleri i Kunstnarforbundet, begge i Oslo. Utstillingane var ein stor suksess - og i 1984 opplevde han å vera festspelutstillar i Bergen. Johannes Vinjum gikk bort i 1991 - vel 60 år gamal. Monet, lys og luft, sansing og opplevelse var sentrale stikkord for kunstnaren. Motiv han holdt fast på heile livet var barndomsfjorden og fjelllandskap, person- og barneansikt og framfor alt born i fødselsdagselskap. Galleriet finn du i Heradshuset - Om sommaren utvida opningstid.

  • Trip Advisor logo

Hvor er Galleri Vinjum, Aurland?