Opplev historiske Svanøy!
Frå Florø seglar lokalbåten gjennom eit storslått landskap til Svanøy. Svanøy, kjent som «Sunnfjords perle», er den sørlegaste og frodigaste øya i Kinn kommune. På ein guida tur på Svanøy får du nærkontakten med hjorten på Norsk Hjortesenter, og du får innsikt i korleis Svanøy Røykeri får fram dei beste smakane frå laksen.
Guida tur på sommaren
Frå midten av juni til midten av august kan du bli med på omvising på Norsk Hjortesenter og Svanøy Røykeri. Transport frå Svanøybukt til Norsk Hjortesenter og Svanøy Røykeri er inkludert i billetten. Bålbillett tur/retur Florø kjem i tillegg og må kjøpast om bord i lokalbåten.
Reiseforslag
12.00 Avreise med lokalbåt frå Fugleskjærskaia i Florø
12.50 Framkomst Svanøybukt
12.50 Transport frå Svanøybukt til Norsk Hjortesenter
13.10 Omvising på Norsk Hjortesenter
14.00 Transport til Svanøy Røykeri
14.15 Omvising på Svanøy Røykeri
15.00 Vandring til Svanøybukt. Her er det mogleg å kjøpe deg ein is på den lokale butikken
15.20 Første moglegheit for avreise med lokalbåt frå Svanøybukt. Ankomst Florø 15.50
16.50 Andre moglegheit for avreise med lokalbåt frå Svanøybukt. Ankomst Florø 17.20
Svanøybukt
Svanøybukt er ein møteplass for både feriegjester og dei lokale innbyggjarane. Her finn du gjestehamn med straum, landhandel og kro. På landhandelen kan du få gratis kart over øya og leige sykkel. Ein sykkeltur på den frodige øya er ei flott oppleving! Ring gjerne til telefon 577 40 029 for å reservere sykkel på førehand. Like ved landhandelen ligg Svanøy kro.
Guida tur resten av året
Guida turar kan bestillast gjennom heile året på førespurnad.