Hopp til hovedinnhold

På heiane nord for Lyklingsjøen fann det for over hundre år sidan stad eit kapittel i vår historie som inntil 1990-åra var relativt ukjent for folk flest. Alle hadde nok høyrt om gruvene, men det var aldri ein del av bømlingane si stolte historie. Det var helst utanbygds folk som kom hit for å sjå på gruveområdet, og historia var i ferd med å gå i gløymeboka. Historia har lukkelegvis no fått sin renessanse, og mykje materiale er samla av lokale naboar og historikarar.

Gullrush på slutten av 1800-talet


Gullgruvene på Lykling var på slutten av 1800-talet sentrum for eit gullrush utan sidestykke i Noreg. Rundt 1885, då aktiviteten var på det mest hektiske, var fleire hundre mann i arbeid i gruvene. Til saman vart det funne om lag 250 kilo reint gull. 

Gå på tur i gull-området


Området er no kartlagt og skilta, stiar er merka, og gullgruvene er blitt ein populær utfartsstad for både lokale og tilreisande. Og enno er det kanskje gull å finna i kvartsårane og gruvehola i gråberget ut mot storhavet...

Steinriket Bømlo


Det kan vere lurt å først tar turen innom utstillinga "Steinriket Bømlo" i Moster Amfi i Mosterhamn. Der får du informsjon om den store steineksporten som har vore frå øyane her. Så får du med deg brosjyren/turguiden til Steinriket Bømlo, som har informasjon om gruvedrifta og turløyper i området. 

  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Lykling
  • 5430 Bremnes
Telefon:
+47 53 42 35 00
E-post:
Nettside:
www.bomlo.kommune.no

Hvor er Gullgruvene på Lykling?