Hopp til hovedinnhold

Gull på Lykling - i 1862

Året er 1862. Ein liten gut klyv på bergnabbane vest på Lykling. Han kikkar utover. Er det ei stor seglskute han ser langt der ute? Han må fortelje det til kameratane. I det gutungen hoppar ned frå berget treff treskoen bakken med stor kraft. Noko han ikkje har sett før kjem til syne. Guten plukkar opp den vesle klumpen. Det er gull guten har funne. Nokre tiår seinare er det klondike-stemning på Lykling. Det vert bora og sprengt i fjell, på sjøen ligg losjiskip av den fargerike sorten, bakeri vert hotell, og fleire hundre kappast om å finne gull på Lykling.


Gullvegen Gardstun

Året er 2018. Ved ein av kvartsgangane i det tidlegare gullgruveområdet ligg Gullvegen Gardstun. Ein av dei mest idylliske plassane i Sunnhordland sin barskaste natur. 155 år sidan gutungen på Lykling ved ein tilfeldighet fann gull er det på ny spennande planar her heilt vest på Bømlo. Historiar skal attforteljast, og nye skal skapast. Men denne gongen er det ikkje gullet som er i sentrum. Det er menneska. Gullet blir som det ofte er: Ein liten, men eksklusiv del av historia.

Gullvegen Gardstun skal vere ein alternativ læringsarena og besøksgard. Med utgangspunkt i tradisjonar, kulturhistorie og unik natur skal ein skape ei stor oppleving for store og små. Der trivsel, meistring og glede skal vere forankra i oppleving og læring.

Gullvegen Gardstun skal vere ein stad som utgjer ein positiv skilnad. Med gullhistorie, gullvaskeleir, yrande dyreliv og inn på tunet/besøksgard er dette plassen for å finne roen for deg og dine.

Les om "Stormhyttene" her.

  • Facebook logo
  • Instagram logo

Kontakt

Adresse:
  • Gullvegen 100
  • 5437 FINNÅS
Telefon:
+47 97 61 27 08
E-post:
sindlar@hotmail.com
Nettside:
www.gullvegengardstun.no/

Fasiliteter

Parkering:
Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vår
Guiding tilgjengelig:

Hvor er Gullvegen Gardstun?