Hopp til hovedinnhold

Frå Hatlesetnipa har du storslått utsikt over Eikefjorden, Norddalsfjorden og utover mot Florø. Turen til Hatlesetnipa er ein flott familietur som er brukt heile året. Turen går enten frå Grov eller Hatleset. 

Start turen frå parkeringsplassen på Grov. Der finn du eit skilt som viser til Hatlesetnipa. Stien er godt merka. På veg oppover passerar du mange utsiktspunkt og lokale namn som Gildrekvia, Einane, Hesa, Stølsgarden og Plommerapa. Rett under skiltet Stølsgarden tek du til venstre og går vestover og fylger ryggen opp og utover til nipa. 

Start frå Grov Fv 614 mot Svelgen, ved første avkjørsel på høgre side etter trafostasjonen. Her kan du også parkere. Følg skogsvegen oppover og rett før du er til vegs ende tek du av til venstre. Stien er ikkje merka oppover i skogen, men den er tydeleg. Du går forbi Fløgen 468 moh, varden på venstre side og følgjer høgdedraget vidare innover til du får den siste stigninga opp til Hatlesetnipa.

Kontakt

Adresse:
  • Hatleset
  • 6940 Eikefjord
Telefon:
+47 5774 3000
E-post:
mail@fjordkysten.no
Nettside:
www.fjordkysten.no

Fasiliteter

Barnevennlig:
Total stigning:
  • 579m
Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)
Varighet:
  • Kort tur (0,5-3t)
Underlag:
  • Grus
  • Sti
Terreng:
  • Fjellområde
  • Skogsområde
Sesong:
  • Vinter
  • Vår
  • Høst
  • Sommer

Hvor er Hatlesetnipa - Fjelltur i Florø?