Den vakre Herdalssetra ligg 520 m.o.h opp frå bygda Norddal og innanfor UNESCOs verdsarvområde. Køyreturen opp etter bomveg (10 km) er bratt og fascinerande med fleire fossefall til ein når Herdalsvatnet, som strekkjer seg om lag 2 km innetter dalen.

Vegen går langs Herdalsvatnet og i enden breier grassletter seg utover den vide dalbotnen. I enden av desse slettene ligg den unike Herdalssetra, som dannar ei tett klyngje med over 30 gamle seterhus. I tillegg finst fleire hustufter etter tidlegare gards- og seterdrift. Spor av busetjing så langt tilbake som til tidlege mellomalder og enno eldre konstruksjonar for reinsjakt har blitt funne i Herdalen. Det geologiske naturreservatet Kallskaret ligg omlag to timers gange frå setra.  Dette er ei av dei største fellessetrene for geit her til lands, og her har det vore ein ubroten setertradisjon i over 300 år. På setra finst også kyr, sauer, og fjordhestar. Ungane kan likevel finne ein gode leikeplassar her. Her kan ein få smaksprøvar av geitosten og geitmjølk-karamellen som blir laga på gamlemåten. Å rusle mellom dei gamle bygningane, drage inn frisk fjelluft og angen frå beitande dyr gir ro i sinnet. Bak setra ruver fjellet Hereggja (1557 m.o.h.) steilt til vers, og landskapet inviterer til fjell- og fisketurar. Det er høve til å overnatte i seterhusa, kjøpe fiskekort ofor elver og vatn. Setra har også sin eigen, enkle seterkafé med servering av rømmegraut med spekemat og anna tradisjonskost gjennom sommaren.

Sesong: Juni - september

Guida turar inkludert smaking og/eller lunsj. For grupper; arrangement og prisar på forespørsel

 

​​​​

Priser

Fra:
NOK 50

Kontakt

Adresse:
  • 6214 NORDDAL
Telefon:
70 25 92 29
E-post:
aashildd@online.no
Nettside:
www.herdalssetra.no

Hvor er Herdalssetra?