Hopp til hovedinnhold
Bestill

I 2024 er det 1000 år sidan innføringa av kristenretten i Noreg. Dette skjedde på Mostratinget på øya Moster, som ligg i dagens Bømlo kommune. Olav den heilage og Bisp Grimkjell introduserte her i 1024 eit sett nye lovar og reglar folk i Noreg skulle følge.

Innføringa var starten på ei omfattande og radikal samfunnsomvelting, frå maktsamfunn til rettssamfunn, og markerte med dette byrjinga på ei ny tid, med sterkare menneskelege omsyn og auka rettsvern for individet. Det var her statsdanningsprosessen for Noreg starta, og vi feirar difor dette som eit nasjonalt lovjubileum. Men jubileet er ikkje berre ei feiring av historia bak oss, det er ein moglegheit å sjå framover og lære av fortida.

Jubileumsprogrammet vil difor innehalde ei bredde arrangement retta mot ulike målgrupper. Det vil bli verdisamtalar der representasjon av unge vil vektleggast, med utvalde gjester som representerer eit mangfald i norsk samfunnsliv. I Moster Amfi vil det bli heldt konsertar og forestillingar, samt utanfor arenaen vil det bli marknad, tevlingar, utstillingar, boklanseringar, eit barneprogram og stor maritim aktivitet. For å gjere jubileet så tilgjengeleg som mogleg, vil fleire arrangement vere gratis. Billettprisen vil også variere ut i frå kva målgruppe arrangementa rettar seg mot, med lågare prisnivå der det er snakk om ungt publikum.

Her er foreløbig program og billettlenke: https://www.ticketmaster.no/artist/moster-2024-billetter/1214123

- JUBILEUMSFORESTILLINGA «ELDEN MELDER»
- FESTKONSERT MED KORK OG INGEBJØRG BRATLAND
- JUBILEUMSFERING MED KORK / «MOSTRASUITE»
- FESTKONSERT MED BERNHOFT
- ØKUMENISK FESTGUDSTENESTE
- MOSTRATINGET - VERDISAMTALE OM FORTID OG FRAMTID
- JUBILEUMSFORESTILLINGA «I SLIK EI NATT»

Fleire arrangement vil bli lansert utover fram mot jubileet. Følg med for å få med deg ditt favoritt-arrangement!

Les meir på https://moster2024.no
Les meir om arenaen til jubileet på https://mosteramfi.no

Moster 2024 AS er eigd av Vestland Fylkeskommune og Bømlo Kommune.

Samarbeidspartnarar under jubileet: Moster Amfi, Bømlo Teater, Geopark Sunnhordland, Bømlo Kulturskule, KORK, Den Norske kyrkje, Bømlo Gospel, Bremnes Kantori, Bømlo Janitsjar, Bømlo Ten Sing, Norges kristne råd, Felleskristen komité, Nasjonaljubileet 2030, Landslovsjubileet 2024

Visninger

Moster Amfi (Mosterhamn)
29. mai:
30. mai:
00:00
31. mai:
01. juni:
02. juni:

Kontakt

Adresse:
  • Tora Mostrastongs veg 2
  • 5440 Mosterhamn
Telefon:
46697709
E-post:
vilde@moster2024.no
Nettside:

Hvor er Jubileumsveka på Moster 2024?