Hopp til hovedinnhold
Bestill

Bli med på omvising og ølsmaking på Vesle Kinn!

Vesle Kinn er både ølkaféen og testbryggeriet til Kinn Bryggeri. Du finn Vesle Kinn i hjartet av Strandgata i Florø. I bakre delen av lokalet har dei det vesle bryggeriet der dei prøver ut nye råvarer og oppskrifter, og dei driv med lagring på franske eiketønner. Frå midten av juni til midten av august, og elles av året på førespurnad, så kan du bli med på omvising og ølsmaking på Vesle Kinn. Her får ein komme inn i bryggerilokalet, sjå på utstyret ein bryggjar med, lære om bryggjeprosessen og historia til Kinn Bryggeri. Det er og mogleg å bestille omvising og ølsmaking for grupper gjennom heile året. Ta kontakt på post@veslekinn.no for meir informasjon. 

Vesle Kinn

Ølkaféen Vesle Kinn er open heile året. Her finn du eit rikt utval av øl både på tapp og flasker, drinkar, cider, vin, jus og andre alkoholfrie alternativ. Gjennom året blir det arrangert quiz, konsertar og foredrag på Vesle Kinn. Opningstider og informasjon om arrangement finn du her.

Kinn Bryggeri

Kinn Bryggeri vart starta opp i 2009 av heimebryggaren og ølentusiasten Espen Lothe, og lagar ei rekkje smaksfulle øl i engelsk og belgisk stil. All produksjonen skjer på bryggeriet i Florø og alle øl blir gjæra i opne gjæringskar. Ingen av øla blir pasteuriserte eller filtrerte, då dette er prosessar som øydelegg den naturlege smaken i øl. "Vi gjer det på gamlemåten" er mottoet til Kinn Bryggeri.

Bryggeriruta

Ope bryggeri er ein del av rundturen Bryggeriruta, som også går innom Ægir Bryggeri i Flåm og Ciderhuset i Balestrand.

  • Facebook logo

Kinn Bryggeri

Se alle tilbudene til Kinn Bryggeri

Kontakt

Adresse:
  • Strandgata 28
  • 6905 Florø
Telefon:
900 90 465
E-post:
post@veslekinn.no
Nettside:
www.facebook.com/veslekinn/

Fasiliteter

Toalett:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Sesong:
  • Sommer

Hvor er Kinn Bryggeri: Omvising og ølsmaking på Vesle Kinn?