Den langgrunne stranda innbyr til både bading og leik for heile familien. Her er elles bord/benkar og utedo. Bakken ovanfor stranda er godt eigna for telting, og trea for hengekøyer.
Tilkomst
Parkering ved Tveit bedehus. Derifrå er det 500 meter å gå på brei og fin veg gjennom skogs- og kulturlandskap. Rullestoltilpassa.