Kulturløypa i Mosterhamn – ei vandring gjennom norsk historie
Kulturløypa i Mosterhamn på Bømlo tek deg gjennom eit område med ei heilt sentral rolle i norsk historie. På turen kan du oppleve Moster gamle kyrkje, Vetahaugen, Moster Amfi og spor etter den lange bergverks- og kalksteinshistoria på Moster.
Her møtest vikinghistorie, kristningshistorie, geologi og kulturlandskap – i eit område som også er ein del av Sunnhordland UNESCO Global Geopark.
Praktisk informasjon
Stad: Mosterhamn, Bømlo
Startpunkt: Moster Amfi
Vanskegrad: Lett
Høgaste punkt: Vetahaugen, 74 moh.
Tidsbruk: Frå ca. 30 minutt, avhengig av kor mykje av området du ønskjer å utforske
Merking: Informasjon og merking langs løypa
Sko: Gode sko er anbefalt. Nokre parti kan vere våte og glatte.
Parkering
Det er parkering i området ved Moster Amfi og Moster gamle kyrkje. Bussar kan også parkere ved Moster gamle kyrkje.
Kva kan du oppleve langs Kulturløypa?
Moster gamle kyrkje og Mostratinget
Moster har ein sentral plass i norsk kristningshistorie. Mostertinget vart halde ved Moster kyrkje ein gong i 1020-åra, tradisjonelt datert til 1024. Her fekk kong Olav Haraldsson og biskop Grimkjell, i samråd med bøndene på tinget, utarbeidd kristne rettsbestemmingar. Kristenretten vart seinare lovteken på lagtinga og fekk stor betydning for utviklinga av det kristne Noreg.
Moster gamle kyrkje er ei av dei eldste kyrkjene i Noreg og kan opplevast med guida omvising gjennom Moster Amfi.
Vetahaugen
Frå området ved Moster Amfi og kyrkja kan du følgje Kulturløypa gjennom Mostraparken og opp til steinkrossen på Vetahaugen.
Her får du utsikt over Mosterhamn, Moster gamle kyrkje og landskapet rundt. Frå Vetahaugen kan du også sjå fleire av minnesmerka i området, statuen av Tora Mostrastong og Kongesteinen.
I samband med 1000-årsjubileet for Kristenretten i 2024 vart stien opp til Vetahaugen rusta opp. Stien og krossen vart lyssette, og området ved krossen fekk benker.
Moster Amfi
Moster Amfi er eit kultur- og opplevingssenter bygd i ei tidlegare kalksteinsgruve. Her blir historia om Moster, kristninga av Noreg og samfunnsendringane rundt overgangen frå vikingtid til mellomalder formidla gjennom utstillingar og guida opplevingar.
På Moster Amfi kan du mellom anna oppleve dei permanente utstillingane «Frå heidendom til kristendom», «Frå makt til rett – kven har makt?» og «Steinriket Bømlo».
Steinriket Bømlo – geologi og gruvehistorie
I «Steinriket Bømlo» kan du gå gjennom Moster Amfi sin eigen gruvetunnel og lære om geologien og bergverksdrifta på Bømlo frå steinalderen og fram til moderne tid.
Bømlo er ein del av Sunnhordland UNESCO Global Geopark. Den varierte geologien og den lange historia med bruk av stein og mineral er ein viktig del av historia til både Bømlo og Sunnhordland.
Kor lang tid tek Kulturløypa på Moster?
Den korte Kulturløypa gjennom Mostraparken og opp til Vetahaugen kan opplevast på rundt 30 minutt. Set gjerne av meir tid dersom du også vil besøke Moster gamle kyrkje, utstillingane og gruvetunnelen i Moster Amfi.
Kan eg gå Kulturløypa på eiga hand?
Ja. Du kan gå Kulturløypa og oppleve Mostraparken og Vetahaugen på eiga hand. Ønskjer du å lære meir om historia, tilbyr Moster Amfi også guida opplevingar og omvising i Moster gamle kyrkje.