Hopp til hovedinnhold

Frå Egersund til Nidaros er Moster peika ut som ein viktig stoppestad på vegen med Moster Gamle Kyrkje som eit viktig kulturminne og ein av nasjonalskattane i Noreg.

I Moster Amfi kan du få stempel i "pilegrimspasset".

Nidaros var det viktigaste pilegrimsmålet i Nord-Europa fram til reformasjonen i 1537. Både norske og utanlandske pilegrimar valfarta langs kystleia opp til Nidaros der relikviane etter Heilag Olav låg. Allereie i 1075 er Nidaros nemnd som ein valfartsstad for pilegrimar. Å reisa som pilegrimar langs norskekysten kunne bestå av fleire stopp på vegen og kunne vera ei farleg reise med tøft ver og piratar.

Kystpilgrimsleia i dag skal gje ei djupare forståing av det kulturhistoriske og religiøse aspektet ved pilegrimstradisjonen. Det er ei reise kor ein kan oppleve kysthistorie, kulturminner og kyrkjehistorie, men på same tid auka miljøforståing og fremma aktivitet og folkehelse.

Kontakt

Adresse:
  • Tora Mostrastongsveg 2
  • 5440 Moster
Telefon:
E-post:
Nettside:

Hvor er Kystpilgrimsleia stoppestad Moster?