Harpefossen er eit av dei største og mest komplette skianlegget i regionen og har ein høydeforskjell på 575 meter frå start 250 moh.

Harpefossen er velkjent for store og varierte område og den geografiske plasseringa vår sikrar jamt påfyll av snø gjennom sesongen. Anlegget tilbyr 15 km preparerte trasear for langrenn, og løypenettet går gjennom 5 idylliske fjellsetrer. Det er ein eigen skiskyttararena i tilknyting til langrennsløypene. Flomlys i både alpinanlegg og langrennsløyper gjev eit godt tilbod òg på kveldstid. Vi kan tilby skiinstruktørar for alpin, telemark og snøbrett på førespurnad.

Anlegget ligg langs den gamle postvegen mellom Nordfjord og Sunnmøre.

Om vinteren tek skiheisane deg inn i den fantastiske fjellheimen i grenselandet til Sunnmøre. Frå toppen av skiheisane kan du velje mellom mange nedfartar i ulike vanskegrader, eller du kan ta turen lenger innover i fjellheimen.

Alpepass – 1 skikort – 9 skianlegg
Med alpepass.no kan du stå på ski i 9 skianlegg; Stryn Skisenter, Harpefossen Skisenter, Strandafjellet Skisenter, Sunnmørsalpane Skiarena Fjellseter, Stordal Alpintsenter Arena Overøye, Ørsta Skisenter, Hornindal Skisenter, Hornindal Skisenter og Volda Skisenter.






Kilde: Nordfjord

    Kontakt

    Adresse:
    • Harpefossen
    • 6770
    • Nordfjordeid
    Telefon:
    +47 57874040
    E-post:
    booking@nordfjord.no
    Nettside:
    www.harpefossen.no/en/skisenter/about-harpefossen/

    Hvor er Langrenn | Nordfjordeid?

    Fjord Norways sekundærlogo