Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Bygder og steder

Nordfjordeid

Vikinghistorie, operahus, rockefestival og fjordhestparadis. Nordfjordeid er bygda der fortida møter samtida.

Missing alt text
© Ruben Soltvedt

Nordfjordeid ligg vakkert til midt i Nordfjord. Bygda har ei rik historie som strekker seg tilbake til vikingtida, og er i dag eit levande kultursentrum med opera, rockefestival og fleire historiske stader. Her møter du vikingskip, fjordhestar og operahus på same dag.

Natur og landskap

Nordfjordeid er omkransa av fjell og frodige landskap. Frå den vakre Eidsgata, med sine gamle trehus, kan du sjå ut over fjorden og dei grøne fjellsidene som strekker seg innover. Eidselva renn roleg gjennom bygda – ei lakseelv med lange tradisjonar for sportsfiske. Frå sentrum kan du gå topptur opp til Trollnykjen. Her får du flott utsikt utover fjorden. Berre elleve kilometer frå sentrum ligg Harpefossen skisenter, som tilbyr alpinbakkar og store område for frikøyring om vinteren.

Aktivitetar

Nordfjordeid byr på fleire fine vandreturar i sentrum og i nærområdet. Her kan du rusle gjennom den idylliske Eidsgata med sine historiske trehus eller gå langs den vakre lakseelva. Ein folkefavoritt for små og store er turen til Dagsturhytta på Naustdalskamben og fotturen til Lottstøylen. Denne idylliske setra er som eit postkort frå ei svunnen tid og du får ei vakker utsikt over Nordfjorden.

For dei som vil ut på fjorden, tilbyr lokale aktørar RIB-turar og kajakkutleige. Nordfjordeid er også kjent for Norsk Fjordhestsenter – det nasjonale kompetansesenteret for fjordhesten. Her kan du oppleve Noregs nasjonalhest på nært hald, ri på panoramaturar med utsikt over bygda og dalen. Dersom veret ikkje spelar på lag kan du ta heile familien med på ei spennande klatrereise i Noregs einaste Vikingkrigar-rom på Hamna Aktivitetssenter.

Kultur og historie

Nordfjordeid er eit av dei viktigaste historiske stadane i Nordfjord. På Sagastad Vikingsenter kan du stige om bord i Myklebustskipet – ei gjenbygging av det største vikingskipet som nokon gong er funne i Noreg. Senteret har interaktive utstillingar, VR-opplevingar og gir eit fascinerande innblikk i vikingtida.

Kvar sommar vert den vesle bygda forvandla når Malakoff Rockfestival tek over. Med over 20 000 besøkande og ein av landets største festivalcampar, er dette ein av dei største festivalane på Vestlandet. Resten av året byr Operahuset Nordfjord på konsertar, teater og opera i verdsklasse – eit hus som har sett Nordfjordeid på kartet som viktig kulturaktør.

Opplevingar på Nordfjordeid

Fra kunst og kultur, til storslått natur. På Nordfjordeid får du den komplette opplevinga.

Fjordsafari Geirangerfjord | Fjord Guiding

Fjordsafari Geirangerfjord | Fjord Guiding

Let us take you on an amazing excursion to the World famous and UNESCO listed – Geirangerfjord!

RIB safari Nordfjordeid

RIB safari Nordfjordeid

- the most exciting way to explore Nordfjordeid

Myklebust Farm

Myklebust Farm

Myklebust Farm på Nordfjordeid er ein besøksgard med ei heilt eiga historie – dette er garden der Myklebustskipet, verdas største vikingskip, vart funne.

Nordfjord Mountain Guiding

Nordfjord Mountain Guiding

Bli med på ei eksklusiv guida fotturoppleving i Nordfjord til Helsethornet 1008 moh.

Sykkel og turløyper | Harpefossen

Sykkel og turløyper | Harpefossen

15 minutt kjøring frå Nordfjordeid mot Måløy ligg Harpefossen skisenter. I dette området finn ein flotte turløyper og område for landevegssykling.

Norsk Fjordhestsenter

Norsk Fjordhestsenter

Fjordhesten er ein av dei eldste og reinaste rasane i verda. Han er ein av tre særnorske hesterasar, og vert rekna som Noreg sin nasjonalhest. På Norsk Fjordhestsenter kan du ri denne vakre hesten.

Trollenykjen

Trollenykjen

Frå Trollenykjen er det fantastisk utsikt over Nordfjordeid sentrum, utover fjorden og innover mot Hornindalsvatnet. Frå toppen ser du både Eidsdalen, Sagetindane, Hornindalsvatnet, Anda, Lote og Hyen.

Langrenn | Nordfjordeid

Langrenn | Nordfjordeid

Harpefossen Skisenter er lokalisert i Hjelmelandsdalen, 10 km frå Nordfjordeid sentrum.

Gjegnen i Ålfoten

Gjegnen i Ålfoten

Fjellet Gjegnen i Ålfoten er det høgaste fjellet i Ytre Nordfjord. Fjellet ligg i det verna Ålfotbreen-områdes som er eit vilt og storslått landskap.

Alle aktiviteter tilknyttet Nordfjordeid

Overnatting på Nordfjordeid

Opplev hotell og unike overnattingsstader, tett på alt Nordfjord har å by på.

Skaara Living

Skaara Living

Se for deg hvordan det er å bo i en fuglekasse hele 270 meter over havet med en panoramautsikt hvor himmelens fargelek skaper en utsikt av det sjeldne. Dette eventyret kan du oppleve hos Skaara Living. De tilbyr to unike Birdbox hytter i naturens skjønneste omgivelser på Lotsberg, som garantert vil gi deg en unik og avslappende opplevelse. Du sover midt i den urørte naturen og alt den har å by på, samtidig som selve fuglekassen er designet for å skape en følelse av luksus og komfort. Med store vinduer kan du ligge komfortabelt i dobbeltsengen mens du følger med på dyrelivet rett utenfor. Naturen vil omfavne deg i all sin prakt, og du vil kjenne på en eksepsjonell kombinasjon av luksus, komfort og nærhet til naturen. Skaara living tilbyr mer enn et overnattingssted: Her begir du deg ut på et uforglemmelig eventyr midt i hjertet av naturen i vakre Nordfjord - Velkommen!

Skrivergaarden

Skrivergaarden

Skrivergaarden ved Nordfjordeid byr på historisk atmosfære, komfortabel overnatting og eksklusive rammer for arrangement, omgitt av fjord, fjell og vakker natur.

Orheimstunet

Orheimstunet

Autentisk gårdsovernatting og historisk ro i hjertet av Nordfjord.

Nordfjord Hotell

Nordfjord Hotell

Nordfjord Hotell har 54 velutstyrte gjesterom med 110 sengar. Hotellet har restaurant med eit godt kjøkken, bar, moderne møteromsavdeling for inntil 250 personar, samt nytt badehus med SPA og treningssenter. Hotellet er Svanememerket og har Debio bronsemerket.

Nordfjord Gardseventyr

Nordfjord Gardseventyr

Overnatting i eit sjarmerande 1700-talshus på Nordfjordeid, tett på fjord, fjell og dyreliv i Nordfjord.

Skrivergaarden

Skrivergaarden

Skrivergaarden ved Nordfjordeid byr på historisk atmosfære, komfortabel overnatting og eksklusive rammer for arrangement, omgitt av fjord, fjell og vakker natur.

Nordfjord Hotell

Nordfjord Hotell

Nordfjord Hotell har 54 velutstyrte gjesterom med 110 sengar. Hotellet har restaurant med eit godt kjøkken, bar, moderne møteromsavdeling for inntil 250 personar, samt nytt badehus med SPA og treningssenter. Hotellet er Svanememerket og har Debio bronsemerket.

Skipenes gard

Skipenes gard

Skipenes gard på Nordfjordeid kombinerer historisk sjarm med moderne hytter, rett ved fantastiske Eidselva. Gården ligger bare en kort spasertur fra sentrum, men midt i naturen.

Årskogvika Camping

Årskogvika Camping

Enten du vil slappe av ved sjøen, ha et godt utgangspunkt for å oppleve Nordvestlandet eller rett og slett trenger et sted å overnatte, er Årskogvika Camping den ideelle plassen.

Skrivergaarden

Skrivergaarden

Skrivergaarden ved Nordfjordeid byr på historisk atmosfære, komfortabel overnatting og eksklusive rammer for arrangement, omgitt av fjord, fjell og vakker natur.

Alle overnattingssteder tilknyttet Nordfjordeid

Slik kommer du deg hit

Reiser du med egen bil eller med offentlig transport? Lurer du på hvordan du kommer deg hit? Vi hjelper deg!

Slik kjem du deg til og rundt i NordfjordSe på kartet

Kommende arrangementer

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement