Stad
Litlabø
Turkart
Stord – Fitjar (1 : 50.000)
Start og sluttpunkt
Gruvemusèet, Litlabø. Rundtur. Turstien startar ved tårnet.
Parkering
Ta av frå E39 vest for Leirvik sentrum på veg skilta til Litlabø. Etter ca. 4.5km ta til høgre og skilting til Gruvemuseet.
Merking
Informasjonstavle ved startpunkt. Skilta og merka med T.
Gradering
Raud. Noko krevjande, fire støvlar etter DNT- systemet.
Høgdeskilnad
30 – 380 moh.
Tidsbruk
3 – 4 timar t/r
Turskildring
Følg vegen opp mot Rødkleiv, over ei bru og på god skogsveg forbi fotballbana. Over brua ved Dalsløkjen og vegen til endes opp Stordalen og ta bratt opp Fossane. Vidare i lett skogsterreng forbi Stuasætertjødnane.
Etter siste tjødno fylgjer ein opp skaret, her er det viktig å halda til venstre, ein ser då rett bort på Bjødnahifjedlet. Følg så stien langs vestsida av fjellet. Bjødnahiet er vanskeleg å få auga på, men inngangen er på baksida av nokre steinblokker som er støtta opp mot fjellet. Stien nedover går austover på sørsida av Bjødnahifjedlet, først opp over eit lite høgdedrag, og så ned mot ei lita myr.
På austsida av myra møter ein stien som kjem ned frå austsida av Bjødnahifjedlet. Følg den nedover lia tilbake til stien/skogsvegen i Stordalen, og ta same vegen attende.