Hopp til hovedinnhold

Midt i aktivitetsbygda Loen, inst i fjorden mellom høge fjell måtte vi ha noko meir. Noko heilt spesielt for våre yngste gjestar: Eit lite univers med kjekke utfordringar for både kropp og hovud. Perfekt på grå dagar, og når dei vaksne har fått bestemme programmet litt for lenge.

I første etasje finn du aktivitetshuset for dei frå 3-12 år, samt ei avdeling for dei aller yngste. I kjellaren er det aktivitetar for dei litt eldre borna frå 5-15 år.

Tryggleik er høgste prioritet hos Loen Play. Alle leikeinnretningar er sikra og godkjent og personalet har klare rutiner for tryggleiksarbeidet. For at alle skal ha et fint opphold hos oss, ber vi våre små og store gjestar følge eit sett med reglar.


Kilde: Nordfjord

Kontakt

Adresse:
  • Fjordvegen 1100,
  • 6789
  • Loen
Telefon:
+47 57875050
E-post:
alex@alexandra.no
Nettside:
www.loenplay.no

Hvor er Loen Play?