Hopp til hovedinnhold

Luftkampmuseet er til minne og informasjon om ein dramatisk dag mot slutten av krigen i Norge. Ein stor alliert flystyrke gjekk til åtak på ein tysk flåtestyrke i Førdefjorden, men vart sjølv angripen av tyske jagarfly. Dei allierte miste ti fly, tyskarane miste fem fly og i alt 24 menneske miste livet. Dette var ein dag som sette spor i Sunnfjord og hos dei involverte. Minnesmerker er sett opp både i Skottland og i Førde. Skvadronane og overlevande markerer fortsatt minna over dei fallne og ønskjer å fortelje historia for å bidra til at historia ikkje skal gjenta seg. Angrepet gjekk galt og unødig mange unge liv gjekk tapt. I museet er det samla gjenstandar frå flyvraka, modellar og ei stor fotosamling frå hendinga. Ved eit besøk i museet frå du eit nært møte med hendinga og dei involverte partane.

Museet er også ein serveringsstad innafor Norsk Gardsmat. Her får du god heimelaga mat, og kan kjøpe med deg heimelaga flatbrød når du reiser heim.

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Frammarsvik 6817 Naustdal
  • 6817 Naustdal
Telefon:
+47 57 81 82 60
E-post:
hslettehaug@gmail.com
Nettside:
haajen.no/luftkampmuseum/

Fasiliteter

Toalett:
Kafé:
Barnevennlig:
Parkering:
Guiding tilgjengelig:
Sesong:
  • Sommer

Hvor er Luftkampmuseet?