Lundsseter – Tysebotn – Breidalen – Ravatnet – Lundsseter

Stad: Lundsseter, Stord
Turkart: Stord-Fitjar (1:50:000)
Start- og sluttpunkt: Lundsseter kraftstasjon
Parkering: Ved kraftstasjonen. Ta av frå E39 til Lundseter(i Førlandskrysset), rett sør for Grov. Kjør forbi Fjellstova og på asfaltert veg til parkeringsplass ved kraftstasjon.
Merking: T-merka
Gradering: Raud, Krevjande, 3 støvlar etter DNT-systemet
Høgdeskilnad: 255 - 463 moh
Tidsbruk: 4-5 timar



Turomtale: Følg sti bratt oppover frå parkeringsplass. På toppen ovanfor hytte er det god utsikt over Sunnhordlands-bassenget.

Etter eit lite flatt parti, ta til venstre i stikryss og ned skaret mot Tysevatnet. Gå innover langs Tysevatnet og ta til venstre i stikryss oppi bakken. Følg stien over åsryggen og ned mot Tysebotnen, forbi hyttene og til stikryss litt ovanfor vatnet. For kortare tur gå stien langs vatnet, over Vaulane, over demninga og ned grusvegen til parkeringsplass.

Elles følg stien opp Breidalen med Stavalifjedlet (511m) på høgre sida, over reset og nedover med Budalsvatnet lenger nede til høgre. I stikryss ovanfor Hovtrongsvatnet ta til venstre, og igjen til venstre ved Ravatnet. Følg stien langs Ravasslio til stikryss ovanfor Tysevatnet, ta til høgre i stikrysset og gå over Vaulane, over demninga, og ned grusveg til parkeringsplass.

Kontakt

Adresse:
  • 5417
  • Stord
Telefon:
+47 53 49 66 00
E-post:
Nettside:
www.stord.kommune.no

Hvor er Lundsseter - Tysebotnen - Ravatnet - Lundsseter?