Melkevikjo badestrand er ei idyllisk strand på austsida av Stord, litt sør for Langenuen.
Her er det sett ut benkjer og bord, og stranda er lett å kome til om ein har med barnevogn. I tillegg er det toalett her.

Du kan nå stranda både frå nord og sør. Anten ved start i båthamna i Sævarhagen eller ved Apply Leirvik på Storhaug. Følg skilting til Hystadmarkjo. Parkering: Gode parkeringsmogleikar ved båe endane av turløypa.

Tilkomst med offentleg transport: Buss frå Leirvik til Rommetveit eller til Øklandslio passerer etter tre kilometer skilting til Tyneset der ein stig av bussen og går siste stykket ned mot båthamna. Turstien ligg i gangavstand frå regionsenteret Leirvik. Ein går då nordover forbi Leirvik kyrkje og tek til høgre på skilta veg mot Aslaksvikjo. Ein passerer Apply, og kjem til søndre innfallsport til Hystadmarkjo.

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • Stord
Telefon:
53 49 66 00
E-post:
post@stord.kommune.no
Nettside:

Hvor er Melkevikjo badestrand?