Hopp til hovedinnhold

Ta av frå riksveg 55 ved brua på Skjolden og køyr på austsida av elva, innover den flate og frodige Mørkridsdalen. Ved Moen køyrer du over på vestsida og om lag 200 meter fram til nytt vegkryss. Opp til venstre og 300 meter fram til parkeringsplass, like ovanfor vegen. 

Stien opp til Osen høyrer til rutenettet til DNT og er svært godt rydda og godt merka. Det første stykket går i halvbratte slyngar opp forbi den flotte Drivandefossen like ved stien, der det som oftast og er svært blautt. Vel forbi fossen tek den verkeleg harde stigninga til. No går vegen i sikksakk opp under Fastberget, der dei siste høgdemetrane er ekstra bratte med til dels laus stein i vegen. Her får du fin utsikt utover Mørkridsdalen. 

No er det snart slutt på stigninga og stien går nesten flatt inn til stølen Osen og enden på Åsetevatnet. Om du ser deg attende, vil du nå sjå tinderekkja i Hurrungane. Osen er ein av dei aller finaste stølane i Luster, sjølv om det krev noko innsats å kome hit.

Frå Osen kan du gå vidare innover til Åsete og Fast, eller over til Austra og Arentzbu. Legg du tilbaketuren om Austra og Mørkridsdalen, får du ein lang, men flott rundtur.

Kontakt

Adresse:
  • Mørkridsvegen 594
  • 6876 Skjolden
Telefon:
E-post:
Nettside:
ut.no/rutebeskrivelse/135612/fra-mrkri-skjolden-til-fast

Fasiliteter

Vanskelighetsgrad:
  • Krevende (rød)

Hvor er Mørkridsdalen?