Hopp til hovedinnhold

Myrvold Gard på Huglo

Myrvold Gard på Huglo er alle velkomne – eit levande møtepunkt der dyr, lokalmat og natur går hand i hand. Her ventar ca 200 dyr og 47 ulike artar, ein koseleg kafé, ein gardsbutikk og glamping.

Her kan både barn og vaksne koma tett på dyra og få ein unik oppleving tett på gardsdrifta. Etter å ha møtt dyra kan du slappe av i den koselege kaféen med ferske boller, rundstykke, og smakfull pizza frå den vedfyrte steinovnen gjer måltidet til noko heilt spesielt. I tilknytting til kaféen ligg den sjarmerande gardsbutikken, der du kan kjøpe lokalproduserte varer basert på garden sine ressursar – perfekt som eit minne frå besøket eller ei gåve til dei heime.

Overnatting på garden

Overnatting er ope heile året i 2. etasje over pizzeriar. Der finnes det to varianter av tre familierom - med plass til opp til fire senger.

For ein ekstra minneverdig oppleving, prøv glamping på sommarhalvåret. Overnattinga gjev deg moglegheita til å nyte den stille naturen og dei vakre omgjevnadene til fulle. Her vaknar du opp til fuglesong, fjordutsikt og ein ro du ikkje finn mange andre stadar.

Korleis kome seg til Myrvold Gard?

Huglo, midt i Sunnhordland - har fleire reisevegar. Her kan du benytte båt, ferje, bil og offentlig transport. Frå Bergen tar du ferja frå Halhjem over til Sandviksvåg og følgjer E39 til Jektevik ferjekai. Derfra er det ferje over til Huglo, før siste etappe i bil.

Skyss reiseplanlegger for offentlig transport.

Opningstider

Haustferien er det ope kl 10.00 - 12.00, og 12.30 - 16.00 med pizzaservering på laurdag og sundag.

Sjå Facebook-sida til Myrvold Gård - eller heimesida deira for opningstider.

Velkommen til Myrvold Gård på Huglo!

  • Facebook logo
  • Instagram logo

Priser

Vaksen:
NOK 100
Barn inntil 16 år:
NOK 50
Barn under 2 år gratis:
Gratis
Familie med inntil 4 barn:
NOK 250
Sesongkort familie:
NOK 750
Omvisning gruppe 5-10 personar (varighet ca 1t):
NOK 600
Omvisning gruppe 10-20 personar, (varighet ca 1 t):
NOK 1 200

Kontakt

Adresse:
  • Nordhuglo 232
  • 5413
Telefon:
+47 470 43 390
E-post:
lilliananthonessen@gmail.com
Nettside:
myrvold-besoksgard.webnode.page/

Fasiliteter

Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter
Lekeplass/lekerom:

Hvor er Myrvold Gård