Stad

Valen.

Turkart

Folgefonna nasjonalpark.

Start- og sluttpunkt

Søsterheimen Valen sjukehus.

Parkering

Køyr inn på sjukehusområdet frå riksvegen og følg skilting 300 meter opp til Søsterheimen.

Merking

T-merka og skilta.

Informasjonstavle ved start.

Gradering

Blå. Moderat krevjande, to støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad

80 – 559 moh.

Tidsbruk

3 timar t/r.

Gode råd

Turen til Nordfjell kan utvidast til Vardhaugselet, Vardhaugen og Mjelkhaug. Ta med drikke, det kan vera vanskeleg å finna vatn i tørre periodar.

Turomtale

Følg skogsvegen opp lia frå Søsterheimen ca 200 m til vegdele. Skogsvegen til venstre går etter ca 1 km over i sti via Kokkelberg til Nordfjell. Retur same veg eller via stien om Olderbotn som ein kjem inn på ved fyrst å følgja stien ca 500 meter frå Nordfjell mot Vardhaugselet.

For oppdatert turskildring, sjå www.ut.no. 

Kontakt

Adresse:
  • 5451 Valen
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Fasiliteter

Total stigning:
  • 469m
Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)
Avstand:
  • 4.9km
Varighet:
  • Kort tur (0,5-3t)
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter
Underlag:
  • Sti
Terreng:
  • Skogsområde
  • Fjellområde

Hvor er Nordfjell frå Valen?