Hopp til hovedinnhold

Husnes er handlesenter i kommunen med blant anna butikkar, servicetilbod, kafe, hotell, bibliotek og kulturhus. Husnes kulturhus har både kino og eit rikt kulturprogram.

Sentrum ligg idyllisk til ved Opsangervatnet. Rundt vatnet er det flott turløype og du finn også ei kjekk strand nesten midt i sentrum. Her er det flott tilrettelagt slik at du kan ta ein liten rast ved vatnet. Vil du gå litt lenger, så er det mange flotte og merka vandreløyper i området.

Også gjestehamna, Husnes båthamn, finn du kort veg frå Husnes sentrum. Husnes ligg kort veg både frå Rosendal og Halsnøy.

Kommende arrangementer