Stad

Husnes.

Turkart

Folgefonna nasjonalpark.

Start og sluttpunkt

Skogsvegen 150 m nord for rasteplassen ved rv. 48, 1,5 km nord for Hellandsbrua.

Parkering

Ved rasteplassen eller ved starten av skogsvegen. Trafikk i høg fart, vis varsemd.

Merking

Informasjonstavle ved start. T-merka og skilta.

Gradering

Blå. Lett fottur, ein støvel etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad

40 – 460 moh.

Tidsbruk

2 timar t/r.

Gode råd

Nokre våte parti, bruk høvelege sko. Elva er drikkevasskjelde, vis omsyn. Frå Bremstølen kan ein følgja rutenettet vidare til Sundstølsvatnet, Svartavatnet, Manen og Englafjell. Sjå også ruter frå Herøysundet og Uskedalen. Bruk fantasien for å leggja opp varierte turar.

Turomtale

Følg skogsvegen 1 km til skarp venstresving. Herfrå på sti gjennom skogsområde til Bremstølen. Flott utsikt over Husnes med Opsangervatnet, Halsnøy, Tysnes, Stord og Sveio.

Kontakt

Adresse:
  • 5460 Husnes
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Hvor er Tursti til Bremstølen frå Husnes?