Halsnøy er blant anna kjend for Halsnøy Kloster. Augustinarklosteret sto ferdig i 1164. Ruinane frå klosteret er i dag museum og del av Sunnhordland Museum. Klosteret er arena for ulike kulturarrangement gjennom året. Like ved klosteret er det flotte turvegar og ei kulturløype.

Vest for klosteret finn du faktisk vegen Verdens Ende.

Sentrum på Halsnøy er landbyen Sæbøvik. Her er det naturlege samlingspunktet SPAR Sæbøvik. Det er både gåvebutikkar, bakeri og kulturhus på Sæbøvik. Den populære båthamna Sæbøvik gjestehamn er ein naturleg stoppestad for båtturistar om sommaren. Her er det også bubilparkering.

På Halsnøy kan du overnatte i feriehus eller hytter. Mange av desse har også båtar tilgjengeleg, slik at du kan kombinere ferien med fisketurar på fjorden. Øya har mange fine turmål, både korte og litt lengre turar.

Halsnøy er landfast med resten av Kvinnherad kommune via Halsnøytunellen. Denne er gratis å kjøre gjennom. Husnes sentrum ligg 15 minuttar frå Halsnøy.

Øya buktar seg nesten som ein S, og på dei smalaste stadene kan ein sjå sjøen på begge sider. Frå vest til aust på øya er det ca 17 kilometer, og i kvar «ende» av øya er det ferjestø; Ranavik og Sydnes.

Fjelbergøya og Borgundøya er dei næraste naboøyene til Halsnøy.

Tips til kva du kan gjere på Halsnøy

Tursti til Sydnessåta

Stad Halsnøy, Fatland Turkart Fritidskartet Halsnøy/Fjelberg, målestokk 1:20.000. Til sals hos Buketten, Sæbøvik. Eides Bensinstasjon, Eidsvik. Fjelberg Landhandel, Fjelberg. Start-og sluttpunkt P-plass ved Gilo på Fatland. Merka med skilt frå hovudvegen. Parkering Køyr gjennom rundkøyringa på Tofte og ta av mot Sydnes. Etter passering av båthamna i Arnavik, er det om lag ein kilometer til skilt som viser avkøyring til venstre frå hovudvegen. 100 meter til P-plass. Merking Informasjonstavle ved P-plass. Skilta og T-merka. Gradering Blå. Moderat fottur, to støvlar etter DNT-systemet. Høgdeskilnad 60 - 232 moh. Tidsbruk 2.5 timar t/r. 3.5 timar dersom ein går rundløypa, sjå kart. Gode råd Nokre våte parti. Rundtur om Fatlandsvatnet kan anbefalast, så under Omtale. Turomtale Frå P-plass følg skilting 100 meter mot høgre bak lita husklyngje til stien søraustover mot Sydnessåta. Bratt oppstigning siste 80 høgdemeter mot toppen. Rundt toppen ligg ei gravrøys frå folkevandringstida. Så kan ein då undrast kven som vart gravlagd der oppe på den markerte toppen i 234 meters høgde for meir enn 1500 år sidan. Dersom ein vil forlengja turen og gjera den til ein rundtur, kan ein gå ned den merka stien på austsida av toppen, og rundt til venstre til skilt mot Iglatjørn. Følg denne ruta til skogsveg øverst i Lóndalen. Følg skogsvegen ned mot Fatlandsvatnet, og merking vidare rundt nordenden av vatnet og attende til P-plassen. Fleire kulturdetaljar med info. undervegs. Sjå kartet.

Kommende arrangementer

visitsunnhordland

Visit Sunnhordland

  • Facebook

    Visit Sunnhordland

  • Instagram

    visitsunnhordland