Hopp til hovedinnhold

På veg opp frå sjøen passerer du Kvinnherad golfklubb og Undarheim golfbane, ein bane med 9 hol.

Til venstre ser du også aluminiumsfabrikken på Husnes, SørNorge Aluminium. 

Ta til høgre i første kryss og fortsett mot Husnes kyrkje. Ta igjen til høgre ved kyrkja og fortset til neste kryss. Ta til høgre også der. Ta til venstre mot Sunde i neste kryss (ikkje til Bogsnes) I neste kryss syklar du rett fram på Kaldestadvegen, ikkje mot Husnes sentrum. Så er det litt stigning og svingar på vegen opp mot Kaldestad. Oppe på Kaldestad er det fin utsikt utover fjorden.

Startpunkt for tursti til Kaldestadåsen finn du her. Etter å ha passert Grønstøl og vegen igjen går nedover i ein liten dal skal du ha av til høgre på Vågsvegen. Følg Vågsvegen forbi juletreplantasjar og små hyggjelege tun. Ved skilt til Bjelland kan ein ta av og gå turstien til Bjellandsneset.  Fortset Vågsvegen til Sunde, der du først passerer Sunde båthavn og over brua inn i gamle Sunde sentrum. Ta til høgre etter brua og fortset forbi den gamle hermetikkfabrikken som no er lakseslakteri. Litt vidare ser du Sunde kai på motsett side av vågen. Herfrå går hurtigbåtar både mot Bergen, Ranavik, Leirvik og med vidare korrespondanse.. Hald fram innover vågen og ta ikkje av til venstre mot Husnes, men kjør over brua og ta til venstre mot Rosendal når du kjem til neste kryss. Herfrå går vegen oppover til Reset og Fv 48/Vikefjellsvegen, som ein følgjer eit stykke til Postvegen kryssar Fv48. Fin utsikt over Opsangervatnet med Husnes på motsett side av vatnet.   Ta av frå fylkesvegen der Postvegen er skilta på grusvegen ned mot Opsangervatnet. Postvegen kjem ut på vegen ved Husnes sentrum.

Ta til venstre mot lysskulpturen "Samspel" og fortset til rundkjøringa ved Statoilstasjonen på Husnes. Ta då til høgre mot Golfbanen/kyrkja og returner til Husnes båthavn.

Kontakt

Adresse:
  • 5460 Husnes
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:

Fasiliteter

Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter
  • Vår

Hvor er Sykkelrute Husnes båthavn - Kaldestad - Sunde - Husnes?