Hopp til hovedinnhold

Tidsbruk

ca 1,5 - 2t tur/retur

Turskildring

Frå Kallevåg tek ein av ved den nedlagde butikken. Det er merkt løype til Mørkedalsfjellet, 103 moh. Løypa går langs veg, ned til snuplassen. og over eit engstykke. Vel ute i marka kjem ein til Stølshaugen. 

Her er det restar etter gamal sti og bygningar som truleg har hatt samanhang med tidlegare gardsdrift i området. Løypa går vidare i sørvestleg retning til Mørkedalsfjellet. Herfrå er det god utsikt. På Mørkedalsfjellet er ei kystvakthytte og ein utsiktskuppel, tidlegare eigd av Forsvaret.

Kontakt

Adresse:
  • Kallevåg
  • 5443 Bømlo
Telefon:
E-post:
Nettside:

Hvor er Nordsjøløypa Kallevåg - Mørkedalsfjellet?