Lengd: ca 2,5 - 3 km
Løypa startar frå riksveg 541, i utmarka, heilt sør på garden Våge. Det er parkeringsplass ved Våge skule. Løypa er lett å gå. Første delen av løypa går på skogsveg, først eit lite stykke i sørvestleg retning, før ho tar av vestover i retning Hellvik. Me er inne i eit område med småvoksen furuskog. Eit stykke vest i marka tar skogsvegen slutt og me går på merka sti.
Etterkvar blir det utsyn mot øya Hiskjo, og vestover havet. Framme i Hellvik møter du eit vakkert kulturlandskap, med bygningar og konstruksjonar som har vore nytta i både land- og sjøbruk.
Våge er ein gammal gard som på 1500-talet er omtala fleire gonger i skriftlege kjelder. Gardane Hellvik og Øvre og Nedre Tverborgvik har lege under garden Våge heilt fram til byrjinga av 1800-talet. Både Hellvik og Tverborgvik er gode kastevågar.
Vandring
Nordsjøløypa Våge - Hellvik
Ein lett tur gjennom vakkert kulturlandskap. Fin utsikt mot øya Hiskjo og vest mot havet.
Kontakt
- Adresse:
- Våge
- 5437 Finnås
- Telefon:
- E-post:
- Nettside:
Fasiliteter
- Vanskelighetsgrad:
- Lett (grønn)
- Sesong:
- Høst
- Vår
- Sommer
- Vinter
- Underlag:
- Sti
- Terreng:
- Skogsområde