Hopp til hovedinnhold
Bestill

Nyt ei unik oppleving på Vingarden på Jølst, der gründer Camilla Aasen er i full gang med å skape vestlandske råvarer om til moderne fruktvinar, og eit nedlagt småbruk om til ein unik fruktvingard.

I sommarsesongen er det faste omvisingar med smaking på Vingarden på Jølst der du får oppleve ein fruktvingard under oppbygging og får ein smak av kva som er mogleg å få til med vestlandske råvarer. Camilla tek deg imot og viser deg rundt på garden og i produksjonen, og deler av sin lidenskap for vestlandske smakar.

Ei omvising med smaking varer som oftast i 1,5 time og inkluderer fire smakeprøvar med små smakebitar til.

Ope gardsutsal.

Priser

Smaking med alkohol:
NOK 590
Alkoholfri smaking:
NOK 490

Kontakt

Adresse:
  • Jølstravegen 2380
  • 6843
Telefon:
+47 47 28 80 04
E-post:
post@vestavin.no
Nettside:
www.vestavin.no/

Fasiliteter

Med guide:
Toalett:
Barnevennlig:
Parkering:
Kafé:
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter

Hvor er Omvising og smaking på Vingarden på Jølst