Hopp til hovedinnhold

Solund er med sine 1700 øyar, holmar og skjer eit eldorado for både øyhopping og padling. Kvifor ikkje ta med vennegjengen på ein guida padletur for å oppleve dette flotte kystlandskapet på nært hald? Guidane vil lose deg trygt gjennom ein uforgløymeleg tur der du får lære meir om både lokalhistorie, geologi og dyreliv.

Bli med på øyhopping

Øyhopping med den lokale postbåten som går mellom Hardbakke og Gåsvær er ein svært populær aktivitet der du kjem tett på dagleglivet. Båten går innom mange særeigne stader med post og passasjerar. Solund kan også by på fleire flotte fjellturar med panoramutsikt som tek pusten frå deg!

På Solund Leilegheitshotell bur du godt i romslege rom med sjølvhushald, og Skafferiet Mat & Drikke, som er hotellet sin restaurant, byr på gode matopplevingar.

For booking av overnatting

Epost: post@solund.com

Tlf: 91189822 

For booking av kajakk

Epost: post@nkka.com 

Tlf: 481 05 774 / 57 78 73 09

Høgdepunkt

Senk skuldrane og slapp av på Solund Leilighetshotell - Nyt god mat basert på lokale råvarer på Skafferiet Mat og Drikke  - Opplev Solund frå vannflata i kajakk med dyktige guidar frå Norsk Kystkulturakademi  - Bli med på øyhopping med den lokale passasjer-/postbåten. 

Prisar

Overnatting

Bu på Solund Leilighetshotell. Her kan du senke skuldrane og ta pause frå ein hektisk kvardag. Nyt god mat på den lokale restauranten Skafferiet Mat og Drikke, og vandre i vakkert kystlandskap.

Pris: frå 600,- per person i leilighet for 2 personer 

FÅ 50% AVSLAG PÅ NATT NUMMER TO.

Guida kajakktur 

3-timers guida kajakktur Solund må opplevast frå sjøen! Dra inn den salte sjølufta og la guidane lose deg gjennom dei gamle ferdelsårene på vatnet, medan du får høyre om kystkultur, geologi, lokalt dyreliv, og kanskje ein røvarhistorie? Det vert nytta doble stødige havkajakkar til dei guida turane som passar for alle, erfarne eller ei.  

Tid: 3 timer 

Pris: 1100,- per person

5-timers guida kajakktur

Opplev nokon av Solund sine 1700 øyar, holmar og skjær i eit fantastisk naturlandskap. Det vil bli lunsj på ein av øyane der din lokale guide vil førebu eit varmt måltid ute - laga med lokale matvarer. Under padleturen vil du lære om det lokale dyrelivet, geologien og historien. Kanskje du til og med vil få eit nært møte med ørna? 

Tid: 5 timer 

Pris: 1650,- per person

Villsausafari

Bli med Norsk Kystkulturakademi på tur i kystlyngheia! Her kan du vere med å kalle på sauene, mate dei, kose og lære om korleis den gammalnorske sauen lev og skjøtter landskapet. 

Tid: 1,5 time  Pris: 250,- per person

Øyhopping med den lokale postbåten Hardbakke - Bulandet 

Om sommaren kan du bli med den lokale postbåten på øyhopping mellom Hardbakke og Bulandet. Opplev fiskeværet Gåsvær og sjå naturkreftene på nært hald. 

Tid: 5 timar 

Pris: 800,- tur/retur per person

Resten av året kan du bli med den lokale postbåten på øyhopping Hardbakke - Gåsvær - Hardbakke. 

Tid: 3 timer 

Pris: 400,- per person  

Kontakt

Adresse:
  • Hardbakke
  • 6924 Hardbakke
Telefon:
91189822
E-post:
post@solund.com
Nettside:
www.kystkulturakademiet.no/

Fasiliteter

Guiding tilgjengelig:
Sesong:
  • Sommer
Barnevennlig:

Hvor er Opplev Solund frå sjøen?