Hopp til hovedinnhold

Opplev Nordfjorden med RIB-sightseeing med Olden Active. Denne fartsfylte, naturskjønne og minneverdige turen tek deg tett på det dramatiske landskapet rundt Olden. Du får sjå bratte fjell, fossar og fantastisk fjordutsikt.

Du reiser saman med ein erfaren guide som er ekspert på fjord og området rundt. Turen kombinerer komfortabel cruising med fartsfylte innslag innimellom. Du får kome tett på naturen, samstundes som du får oppleve serverdigheiter og lære meir om området.

Turen varar om lag i ein time og inkludert er alt av nødvendig tryggleiksutstyr. Det vert også sjølvsagt gjennomført ei orientering om tryggleik før avgang. Denne aktiviteten passar for gjestar frå 6 år og oppover, og er eit populært val for både cruisegjester og andre tilreisande.

Olden Active er ei lokal bedrift med over 30 års erfaring med å ta imot besøkjande i Olden og nærområdet. Vi held til på crusekaia, berre ein 30 minutters gange frå cruiseskipet. Vi tilbyr avbestillingsgaranti ved uteblitt cruiseanløp, og full refusjon dersom cruiseskipet ikkje legg til i Olden.

Denne RIB-sightseeingturen passar perfekt for gjester som ønskjer ein aktiv og naturskjønn fjordoppleving, der natur, fart og solid lokalkunnskap blir kombinert.

Kilde: Nordfjord

Kontakt

Adresse:
  • Fjordvegen 1567
  • 6788
Telefon:
57 11 80 70
E-post:
Ruben@briksdalsbre.no
Nettside:
oldenactive.com/

Hvor er RIB-tur på Nordfjorden | Olden Active