Olden ligg som ei perle inst i Nordfjord, omkransa av høge fjell og vakker natur. Her finn du ein eventyrleg dal med fossefall, isbrear og det smaragdgrøne Oldevatnet. Inst i dalen ventar Briksdalsbreen, ein av Noregs mest besøkte naturattraksjoner.
Natur og landskap
Oldedalen er 20 kilometer lang og strekker seg frå Olden og sørover mot Jostedalsbreen nasjonalpark. Dalen er omkransa av bratte fjellsider, ville fossefall og isbrear som kryp ned frå fjella. Oldevatnet ligg midt i dalen – eit 11 kilometer langt vatn med smaragdgrønt vatn som speglar det dramatiske landskapet. På vestsida av dalen ruvar Myklebustbreen høgt oppe på fjellet, medan Melkevollbreen og Brenndalsbreen kryp ned mellom toppane.
Inst i dalen stuper den mektige Briksdalsbreen ned frå 1200 meters høgd og inn i den frodige Briksdalen – eit syn som kvart år trekkjer til seg besøkjande frå heile verda. Lenger ut i fjorden ligg bygdene Innvik og Utvik vakkert til på sørsida av Nordfjorden, med utsikt over Nordfjorden og dei grøne fjellsidene.
Aktivitetar
Oldedalen er eit vandremekka med turstiår som perler på ei snor. Den mest kjende turen går til Briksdalsbreen – ein tre kilometer lang grussti omgjeven av bratt natur, ville elvar og fossefall. Her er det også mogleg å ta ein såkalla trollbil delar av vegen.
Turen til fjellet Klovane (982 moh.) byr på ei luftig og spektakulær utsikt over fjord, fjell, vatn og isbrear. For familievenlege turar er Gytrifossen eit flott mål. På vatnet kan du padle kajakk eller kano. Dei flest campingplassane langs vatnet leiger ut båtar. Olden Active tilbyr RIB-båtturar og el-sykkelturar. På Melkevoll Bretun kan du finne indre ro med yoga, sauna og isbading.
I Innvik kan du gå fleire fine vandreturar i fjella. Innvik Fjordhotell ligg rett ved vatnet med eigen sandvolleyballbane og badestrand. Frå Innvik er det også kort veg til dei store attraksjonane i både Olden og Loen.
Kultur og historie
Olden har ei unik kulturhistorie knytt til det amerikanske ekteparet William Henry Singer Jr. og Anna Brugh Singer. Singer var arving til ei stor stålformue i Pittsburgh, men valde kunsten framfor forretninga. Då paret kom til Olden i 1913, sa Anna: «Billy, I have found my country!» Dei bygde Singerheimen i 1921 – ein staseleg eigendom med ni irrgrøne bygningar som i dag er freda og open for besøkjande. Her kan du overnatte, oppleve guidaomvisingar og afternoon tea i autentiske omgjevnadar frå 1920-talet.
I Innvik finn du Innvik kyrkje og den gamle Ullvarefabrikken, som i dag er ein kulturarena for kunst, konsertar og utstillingar.