Hopp til hovedinnhold

Ein fin dagstur gjennom flotte naturområde og koselege byggjefelt.

Turen går frå Leirvik via Hystadmarkjo, Fjellgardane og Ådlandsvatnet .

Underlag

Asfalt/grussti

Vanskegrad

Middels

Lengde

20 km

Tid

2 ½ time

Maks. høgde

160 m.

Turomtale

Start i Leirvik sentrum/ved Kulturhuset, sykle gjennom sentrum, opp Torggata og vidare oppover Borggata.

Du kan også besøkje Sunnhordland Museum på vegen. Då tar du av til venstre inn i Skrivarvegen og så første til høgre. Opp bakken finn du Sunnhordlandstunet, eit tun med elleve gamle hus, fornalderutstilling, kafé i helgane og mykje meir.

Så fortsett du til venstre på Skrivarvegen, forbi kyrkja og oppover Hystadvegen. Etter 2,3 km er det mogleg å ta til høgre og inn på Valevegen(30-sone). Dette er ein smalare veg med lite trafikk og fin utsikt mot sjøen. Alternativt kan ein følgje Hystadvegen vidare.

Etter 3 km kjem ein til verksemda Leirvik AS. Her fortsetter du vidare opp til venstre langs Storhaugvegen. Vidare 0,7 km kjem du til eit gangfelt der du tek til høgre inn på ein grusplass. Her byrjar vegen gjennom Hystadmarkjo, det største området med svartorskog i Nord Europa. Benkar og toalett. Du må trille sykkelen gjennom den om lag 2 km lange løypa, men det er verdt turen. I enden av Hystadmarkjo kjem ein til ei stor båthamn. Sykle langs hamna og føl Sjoarvegen opp att til Hystadvegen, der du tek til høgre. Etter tilsaman 7,3 km er det mogleg å ta ein avstikkar inn til venstre til Stord Golfpark. Her er det ein fin grusveg rundt golfområdet.

Når du har sykla 7,7 km kjem du til Rommetveit-skiltet. Ta av til høgre forbi "Samhald" og opp den lokale vegen Krokane. Her syklar du gjennom eit lite, idyllisk kulturlandskap. Etter 0,8 km er du nede på Klingenbergvegen. Dersom du tek til høgre kjem du ned til Breidvik, ei lita badestrand med brygge, bord og benkar. Sykle tilbake opp Klingenbergvegen, forbi HVL (Høgskulen på Vestlandet) og ut på Rommetveitvegen.

Når du har sykla om lag 11 km kjem du til E39. Her kryssar du vegen og syklar opp Fjellgardsvegen. Etter 4,8 km kjem du til Saneset. Like før E39 tek du av til høgre ned på ein liten grusplass, og følgjer ein smal grusveg langs Ådlandsvatnet. Etter knapt 1 km kjem du til stranda ved Ådlandsvatnet. Her er det fint å bade, og det finns bord og benkar.

Når du har sykla 0,5 km til kjem du til eit kryss under Ådlandsbrua. Her syklar du rett fram mot Krækjen Oppdrettsanlegg og opp bakken til venstre. Du kjem då ut på Ådlandsvegen som du følgjer ned att mot Stord kyrkje. Følg så Hystadvegen til høgre og vidare tilbake til Leirvik sentrum.

Kontakt

Adresse:
  • 5417 Stord
Telefon:
53 49 66 00
E-post:
Nettside:

Fasiliteter

Sesong:
  • Vinter
  • Vår
  • Høst
  • Sommer
Varighet:
  • Kort tur (0,5-3t)
Underlag:
  • Grus
  • Asfalt
Terreng:
  • Kystområde

Hvor er Rundtur Leirvik - Fjellgardane (20 km)?