Åpningstider: Foreløpig stengt
Når du trer inn gjennom den smale, snødekte gangen, vert du møtt av ein storslått, kvit kuppel som opnar seg over deg. Hola er utforma av snø og is, og gjev ei kjensle av å vere i ei annan verd. Innvendig er hola innreia med skinnfellar og stemningsfulle lys som skapar ei lun og magisk atmosfære, perfekt for å nyte ei pause frå vêr og vind.
Plassering og tilkomst
Snøhola ligg berre 3-400 meter frå fjellstasjonen på Hoven, og turen dit er enkel. Den preparerte vegen gjer det lett å gå til fots, og undervegs kan du nyte den spektakulære utsikta over fjella og fjorden i det unike landskapet som Loen er kjend for.
Praktisk Informasjon
Snøhola dukkar opp når tilstrekkeleg snø har lagt seg på fjellet, vanlegvis i løpet av februar. Meir informasjon status finn du på Loen Skylift sine nettsider.
Gjer deg klar for å oppleve det beste av norsk vintermagi.
Sport
Snøhole | Loen Skylift
Velkomen inn i eit magisk vintereventyr. I Loen skjuler det seg ei unik oppleving: Snøhola på toppen av fjellet Hoven, som når med Loen Skylift.
LoenMiljømerket
© Snøhole | Loen Skylift
Kilde: Nordfjord
Kontakt
- Adresse:
- Fjordvegen 1011
- 6799
- Telefon:
- +47 57875900
- E-post:
- post@loenskylift.no
- Nettside:
- www.loenskylift.no/iglo
Grønne sertifiseringer
Snøhole | Loen Skylift har fått sertifisering for sin miljøinnsats fra:Miljøfyrtårn