Hopp til hovedinnhold

Solstråleøya friluftsområde, aust i Godøysund.
Toalett, grill, grindabygg og kai på nordspissen av øya. Flytebryggje sørvest på øya. Fin lita sandfjøre eigna for born vest på øya. Den gamle oppsynsbustaden, kan leigast etter avtale med Solstråleøya venelag. Kai og informasjontavle på på nedsida av huset. Solstråleøya er ein frodig øy med om lag 20 treslag og gamle spaservegar er rydda. Øya vart gjeve til kongehuset i 1905 etter å ha vore i britisk eige. Etter kong Olavs død gav arvingane øya i gåve til Tysnes kommune, under føresetnad av at eigedomen vart nytta «til friluftsområde for almenheten, men med fortrinnsrett for funksjonshemmede».


Bading og strandlek

På Solstråleøya finn du to kritthvite sandstrender som på ein varm sommardag får tankane til å fly til langt meir eksotiske stader. Begge strendene ligg i store beskytta bukter og det er ikkje uvanleg med høge badetemperaturar. Kommunen og venelaget har også anlagt eigne stupebrett og flytebrygger alle besøkande kan nytte.

Det er og mogleg å overnatte på Solstråleøya.
Det er eitt hus til utleige. Ved huset er det brygge som leigetakarar disponerer. Dersom du ynskjer å leige huset, kan du kontakte Solstråleøya Venelag: +47 418 08 428.

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • 5680 Tysnes
Telefon:
418 08 428
E-post:
Nettside:

Hvor er Solstråleøya friluftsområde?