Hopp til hovedinnhold

Stavang er eit lite bygdesamfunn i eit område med mange fine naturperler. På 1700 talet vart det etablert ein gjestgjevarstad på ein av gardane i Stavang. Dei som nytta seg av dette tilbodet var i fyrste rekke fiskarane, men og folk som skulle til og frå kyrkja, som på den tida låg på Svanøy, overnatta her. Gjestegjevarstaden var i drift heilt fram til kring 1890.

I dag kan ein tilby både hytter, båtar og kajakk i Stavang. Her er gjestehamn, daglegvarer og byggevarer.

Kor ligg Stavang?

Stavang ligg 45 min med bil frå Florø i vest og 50 min frå Førde i aust. 

Attraksjonar i og rundt Stavang

Ausevika, eit av Norges største helleristningsfelt, ligg 5 minutts køyretur frå Stavang. Her finn ein over 3000 år gamle figurar. Feltet viser over 300 ristningar, både dyre- og menneskefigurar. I tillegg kan ein sjå fruktbarheits- og jordbruksmotiv, såkalla Veidemannskunst. Geometriske teikn, spiralar og labyrintar finn ein over heile feltet. Ausevika er godt tilrettelagt for besøkande, med parkeringsplass, stiar, publikumsrampe og opplysningsskilt på norsk, engelsk og tysk. 

Bygda Eikefjord ligg 20 minutt frå Stavang med bil. På fine sommardagar er det populært å besøke den familievennlege sandstranda som ligg i sentrum av Eikefjord. Her er også matbutikk, bensinstasjon, frisør med meir. 

Kontakt

Adresse:
  • 6944 Stavang
Telefon:
+47 911 33 022
E-post:
booking@fjordtourist.com
Nettside:
www.fjordtourist.com/en

Hvor er Stavang?