Hopp til hovedinnhold

Stølsheimen landskapsvernområet blei oppretta i 1990 og strekkjer seg frå Sognefjorden til høgfjellet opp i 1200 - 1300 moh. I nord er liene opp frå fjorden dekka med frodig lauvskog. Dei går over i eit kupert fjellandskap med dalar, botnar og talrike elver og vatn. Eit markant landmerkje er Raudberget som skil seg ut frå dei andre fjell gjennom si tydeleg raudfarge. Området har fått namnet pga. dei over 40 stølar, som vitnar frå ei tid der stølsdrift var ein viktig del av levebrødet til bøndene ved Sognefjorden. Stølane er i dag nedlagde, men ein kan framleis treffe på buskap kring stølane. Det er gode turtilhøve om sommaren og vinteren, samt eit nettverk av merka stiar drive av Bergen Turlag (www.bergen-turlag.no). Godt eigna for familiar. Sal av fiskekort ved Gamle Trevaren i Vik sentrum, frå turistinformasjonen over gata og til venstre over brua. Turkart får ein kjøpt på turistinformasjonen i Vik. Tilkomst: Via Rv13 med bil eller buss. På Skjelingen går ein grusveg til Bjergane der det er parkeringsplass. Ein kan også komme til Stølsheimen via Modalen (parkering ved Stølsdammen), Arnafjorden eller med båt via Finden og Finnabotn (rutebåten MS Sylvarnes eller båtskyss etter avtale med Findebotten Gjestehus). Overnatting: Bergen Turlag sine hytter i Stølsheimen og omgjevnad, Findebotten Gjestehus.

Kontakt

Adresse:
  • Vei uten navn
  • 6893 Vik i Sogn
Telefon:
E-post:
info@sognefjord.no
Nettside:
ut.no/stedsnavn/631207/stlsheimen

Hvor er Stølsheimen landskapsvernområde?