Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Naturattraksjoner

Myrkdalen

Eit familievennleg pudderparadis med løyper i alle vanskegradar, parkar, skicross-løyper, herleg off-piste terreng og langrennsløyper.

Hunder som drar en slede på snøen med Myrkdalen hotell i bakgrunnen.
© Sverre Hjørnevik

Sommaren i Myrkdalen byr også på eit mangfald av aktivitetar for heile familien. Sommarheisen går heile ferien så det er lett å komme seg til fjells.

Myrkdalen er den perfekte basen om sommaren, med kort avstand til både fjord, fjell og by. Myrkdalen ligg i Voss Herad, berre to timar frå Bergen, Geilo og Sogndal. Ynskjer du å finne roen treng du ikkje reise nokon plass, det er nok av natur og aktivitetar i Myrkdalen. Det er mange fine vatn og elver rundtom som ein kan bade og fiske i. Det er også stolpejakt i område og like ved hotellet finn du både hinderløype og pumptrack. Du kan leige sykkel i Myrkdalen og blir med på Joar sin sykkelskule om du vil læra noko nytt. Mogelegheitene for fjellturar er uendeleg. Du kan til og med ta turen med terreng el-sykkel – bakkane blir leikande lett!

Om vinteren er Myrkdalen ein favoritt blant skientusiastar. Grunnen er at det i Myrkdalen snør meir enn nesten nokon annan plass i Europa. Barneområde består av to tallerkentrekk, eit saktegåande rulleband og fire varierte grøne løyper. Ein finn totalt 22 velpreparerte løyper i ulike vanskegrader i Myrkdalen. For dei som vil trena langrenn eller ynskjer familievenlege turar ligg Årmotslia rett over vegen for skisenteret. Her er det preparerte løyper og 5 km lysløype. Områda rundt Myrkdalen byr også på eit flott terreng for fjellski og toppturar. Kveldskøyringa er ope i Myrkdalen fredag og lørdag heile sesongen og kvar dag i vinterferievekene.

Myrkdalen har dei siste åra har satsa stort på å utvikla parkane og har no fire ulike parkar med element og hopp for alle nivå.

Landsbyparken

I Landsbyparken finn du tre ulike seksjonar - for nybyrjarar, vidarekomne og ekspert. I Landsbyparken er det også kveldskøyring onsdag, fredag og laurdag i store deler av vintersesongen.

Reveparken i Badnabakken

Reveparken er parken for dei minste borna i Badnabakken. Her finn du små hopp og element - perfekt for born og nybyrjarar.

Finne-parken

Finne-parken finn du Klaus Finne si signaturlinje -ei kreativ løype med mange snøelement. Denne parken ligg ved løype 1 på toppen av Helgatuntrekket. Passar for vidarekomne og ekspertar.

Helgatunparken

Denne parken finn du ved løype 5 og består av ein øvre og nedre del. Øvst finn du større hopp og element. Nedre del finn du ei kjekk flytløype for born med små hopp, element og kuler.

Overnatting

I Myrkdalen tilbyr dei overnatting for ein kvar smak. Du kan velja mellom å bu på hotell eller i sjølvhushald i leilegheit eller hytte, det meste i ski-inn ski-ut nærleik til skiheisane. Myrkdalen Hotel ligg i botnen av skisenteret og har 112 rom i ulike kategoriar, medan leilegheitene og hyttene er i ulike størrelsar.

Ynskjer du ein heilt unik overnattingsstad, bør du sjekke ut den gamle ombygde løa - Tråfjosen.

Et merkeikon

Opplev Myrkdalen og Voss

Myrkdalen ligg ikkje langt frå Voss, og er ein bra base for en flott ferieoppleving.

En på snowboard som kjører ned en veldig bratt bakke, og utsikt over fjellene bak.

Velkommen til vinterparadiset Voss

Her får du ski- og vinteropplevelser som passer for absolutt alle.

En person som står foran Tvindefossen.

Voss – kultur og natur

Dei siste fem hundre åra har Voss endra seg mykje. Det store vendepunktet kom med Vossabanen i 1883.

To personer på sykkel som kjører nedover en bratt og veldig svingete grusvei, omgitt av grønne trær og fossefall i bakgrunnen.

En aktiv rundreise mellom Hardanger, Voss og Flåm

Dette er en aktiv rundtur der du får oppleve sykling og fjelltur i Rosendal, sommerski, brevandring, Trolltunga, rafting, kajakk og Rallarvegen.

Les flere artikler om Voss

Aktivitetar i Myrkdalen

Sommar som vinter er det nok å gjere i Myrkdalen.

Myrkdalen Fjellandsby

Myrkdalen Fjellandsby

Eitt av dei største skisentra på Vestlandet – med familievenlege bakkar, løyper i alle vanskegradar, parkar, skicross-løyper, herleg off-piste terreng og langrennsløyper.

Kjør hundeslede i Myrkdalen

Kjør hundeslede i Myrkdalen

Få ein uforglemmelig oppleving med hundkøyring i Myrkdalen! Hardanger Husky tilbyr huskytur ved Myrkdalen Camping i ei løype som er ca 4 km lang. Her får du og vennene og familien dine prøva å styra deira eige hundespann i det vakre vinterlandskapet like ved Myrkdalsvatnet.

Stølsheimen landskapsvernområde

Stølsheimen landskapsvernområde

Stølsheimen landskapsvernområet blei oppretta i 1990 og strekkjer seg frå Sognefjorden til høgfjellet opp i 1200 - 1300 moh.

Kamben Kafé & Spel, Myrkdalen

Kamben Kafé & Spel, Myrkdalen

Kamben Kafé & Spel i Myrkdalen er den perfekte samlingsstaden når det freistar å trekkja innandørs. Ta med familie eller venner og gi dei ei utfordring.

Kveldskøyring i Myrkdalen

Kveldskøyring i Myrkdalen

Kveldskøyring fredag og laurdag og kvar dag i vinterferievekene

Dagskort i Myrkdalen Fjellandsby

Dagskort i Myrkdalen Fjellandsby

Med dagskort i Myrkdalen Fjellandsby kan ein nyta eitt av dei største skisentra på Vestlandet – med familievenlege bakkar, løyper i alle vanskegradar, parkar, skicross-løyper, herleg off-piste terreng og langrennsløyper.

Vikafjellsvegen - Road Rv13

Vikafjellsvegen - Road Rv13

I 1957 vart vegen mellom Vik og Voss opna. Det var ein lang og hard kamp før det vart veg over Vikafjellet.

Husfliden Bergen AS

Husfliden Bergen AS

Hos Husfliden i Bergen får du skreddersydde bunader fra hele Vestland. Her finner du også håndlagde produkter, norsk strikkegarn og tradisjonelle norske klær.

Fosserappellering - Voss Active

Fosserappellering - Voss Active

Utstyrt med klatresele, våtdrakt og hjelm får du rappellere ned den 100 meter høge og svært spektakulære Skjervsfossen i 2 etappar. Enten du elskar eller hatar høgde, så set det garantert fart på hjertepumpa å fire seg ned ved sidan av denne kraftfulle fossen!

Stølsheimen - eit av Noregs vakraste turområda

Stølsheimen - eit av Noregs vakraste turområda

Stølsheimen er det perfekte turområdet for familiar og andre! Eit fantastisk landskap i kupert terreng med mange vatn og idylliske stølar og stølshus.

Alle aktiviteter tilknyttet Myrkdalen

Slik kommer du deg hit

Reiser du med egen bil eller med offentlig transport? Lurer du på hvordan du kommer deg hit? Vi hjelper deg!

Slik kommer du deg til og rundt på VossSe på kartet

Sov og spis godt i Myrkdalen

Hotell, leiligheiter eller hytte? Valget er ditt!

Myrkdalen Camping

Myrkdalen Camping

Myrkdalen Camping er ein heilårs campingplass plassert i vakre omgjevnader i Myrkdalen.

Myrkdalen Hotel

Myrkdalen Hotel

Myrkdalen Hotel ligger perfekt til, med ski inn – ski ut tilkomst til Vestlandet sitt mest komplette skianlegg og Årmotslia Langrennsarena. Om sommeren byr området på fjellturer i alle utgaver, sykkelstier, adrenalin-fylte opplevinger og kort vei til fjordidyll.

Alle overnattingssteder tilknyttet Myrkdalen

Kommende arrangementer

På ski på Vestlandet

Vestlandet har mange både store og små snøsikre skianlegg. Her er et utvalg.

Voss Resort

Voss Resort

Voss Resort er Vestlandets største skianlegg og ligg kun 9 minutter frå sentrum. Her kan du stå på slalom i varierte løyper og i spanande off-piste område.

Stranda & Strandafjellet

Stranda & Strandafjellet

Stranda ligg midt i det ville og vakre på Sunnmøre – omkransa av tindar, fjordar og fossefall. Her møter du ekte natur, sterke mattradisjonar og kort veg til ikoniske opplevingar som Geirangerfjorden, Hellesylt og Sunnmørsalpane.

Sirdal

Sirdal

Legg ferien din til Sirdal! Vinteren er nydelig i Sirdalsfjellene, men å dra dit hele året begynner også å bli populært.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement