Hopp til hovedinnhold

La utsikta ta pusten og nyt utsynet over mylderet av øyar frå den høgste toppen i Florø skjergarden! Med sine 492 m.o.h. er Store Batalden den høgste fjelltoppen på øyane vest for Florø. Her kan du nyte synet av den vakre naturen som gjer skjergarden rundt Florø heilt unik!

På Store Batalden kan du også besøke den prisbelønte Batalden Havbu med museum, kunstutstilling og overnatting. Batalden Havbu har mellom anna blitt tildelt Olavsrosa for si formidling av kystkultur.

Turen til toppen av Store Batalden tek ca. 2,5 timar, tur/retur. Løypa er middels krevjande, og burde passe for dei fleste som er vant med å gå i ulendt terreng. Reise hit Frå Florø tar ein lokal rutebåt ut til Batalden kai. Sjå entur.no for ruteinformasjon. Turbeskrivelse: Tid: 1,5 time opp, 1 time ned. Høgd: 492 moh. Lengd: 4 km.

Turen startar frå kaia på Store Batalden. Ved vegen frå kaia er det turskilt der stien til fjells startar. Følg stien til du kjem til eit tjern. Der finn du skilt som viser vegen vidare mot toppen. Her er også eit skilt som visar retningar for ein lettare tur, nordover i strandsona mot Stokksneset. Der finn du murar etter ein gamal husmannsplass. Første del av turen går i nokså flatt terreng over tidlegare innmark før ein kjem over i eit område med delvis ur og fastare grunn. Her går det ganske bratt til ein er omtrent halvvegs oppe. Derfrå er det litt slakare det siste stykket opp mot toppen. På toppen kan ein nyte den fantastiske utsikta over øyriket utanfor Florø! Returen går tilbake same veg.  Om ein ynskjer ei mindre bratt oppstigning kan ein gå nordover langs austsida av øya frå kaia. Oppstiginga skjer då frå nordaust, og ein går over berg og lungrabbar heile vegen opp. Denne turen tar noko lengre tid enn den andre løypa.

Etter turen til toppen bør ein besøke Batalden Havbu – eit restaurert fiskerimiljø på øya! I husa frå 1800-talet er det både museum og kunstgalleri i tillegg til overnattingsmuligheiter. Her er det gamle autentiske miljøet tatt vare på, og Batalden Havbu har blitt tildelt fleire prisar for si formidling av kulturhistorie. Museet viser lokal fiskerihistorie og levesett gjennom foto, reiskapar og utstyr, bøker og modellbåtar. På kunstgalleriet blir kunstnarar frå vestlandet ofte inviterte til å stille ut i sommarmånadane, i tillegg til at Gunhild Bjelland som driv galleriet stiller ut eigne måleri.  

  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Store Batalden
  • 6917 Batalden
Telefon:
57743000
E-post:
mail@fjordkysten.no
Nettside:

Fasiliteter

Total stigning:
  • 492m
Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)
Varighet:
  • Kort tur (0,5-3t)
Terreng:
  • Kystområde
Underlag:
  • Sti
  • Steinur
  • Grus
Avstand:
  • 4km
Sesong:
  • Sommer
  • Vår
  • Høst

Hvor er Store Batalden?