Hopp til hovedinnhold

November til februar er ofte ei stormfull oppleving, kombinert med eit fantastisk vinterlys, noko som byr på spektakulære naturopplevingar.

På Solund leilighetshotell kan du få ein avslappande pause frå ein hektisk kvardag. Her kan du nyte god mat, vandre i eit vakkert kystlandskap og oppleve stormane frå nært hald.

Stormwatching Solund

Stormpakken i Solund inkluderar ein guida stormtur der du får oppleve stormen frå nært hald, øyhopping med den lokale postbåten, måltid og overnatting.

Om hotellet

Solund leilighetshotell ligg i sentrum av Hardbakke i Solund. Her finn du 11 flotte leiligheter med eige kjøkken, spisesal og stovedel. Alle leilighetene har eige bad med dusj, TV, og fri tilgang til trådlaust internett.

Kort veg til gode opplevingar

Frå Solund leilighetshotell har du kort veg til det meste av aktivitetar og tilbod. I øyriket Solund finn du 1700 øyar, holmar og skjer. Bli med på kajakkpadling i skjergarden, sykle i eit spektakulært landskap, opplev øyhopping med den lokale postbåten, eller reis på fyrsafari til det vestlegaste fyret i landet - Utvær fyr.

 

Priser

Fra:
NOK 1 100

Kontakt

Adresse:
  • 6924 Hardbakke
Telefon:
911 89 822
E-post:
post@solund.com
Nettside:
www.solund.com

Fasiliteter

Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Vinter
WIFI/Internett:
Parkering:
Barnevennlig:
Utsiktspunkt:
Guiding tilgjengelig:

Hvor er Stormwatching Solund?